Museum Vest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Museum Vest er ei stifting som vart skipa i 2005 som eit resultat av den nasjonale museumsreforma, den såkalla konsolideringa, som skulle styrke musea ved å etablere større og meir robuste einingar. Museum Vest, som har hovudkontor i Sandviksboder 20 i Bergen, fungerer som eit regionsmuseum for nokre av omegnskommunane til Bergen, Austevoll, Sund, Fjell, Øygarden, Askøy, og på nokre særskilde felt òg for Bergen. Til å byrje med femna stiftinga om Norges Fiskerimuseum i Bergen, Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene i Bergen, Kystmuseet i Øygarden, Herdla Museum og Nordsjøfartmuseet. Frå og med 2008 vart museet Fjell festning tilslutta Museum Vest.

Museum Vest er ikkje berre eit regionsmuseum, men òg eit tema-museum, altså eit museum som særskild tek for seg spesifikke tema. Den faglege profilen er ei samanfatting av spesialfelta til dei ulike avdelingane, og gjeld fiskeri og havbruk, fiskeforedling og fiskehandel, inkludert soga om hanseatane; krig og okkupasjon under andre verdskrigen, forsvar og menneskerettar; kystkultur med særleg vekt på energiperspektivet. På disse fagområda har museet ambisjonar som strekkjer seg ut over det regionale nivået. Etter førespurnad frå Kulturrådet har Museum Vest difor teke på seg eit nasjonalt nettverksansvar for fagområdet fiskeri og kystkultur.

Musea i Museum Vest har ein felles direktør, som er direktøren for Museum Vest. Styret for Museum Vest er samansett av representantar frå styra til einskilde musea, i tillegg til direktøren i Museum Vest og ein representant for dei tilsette. Ansvaret for museumsdrifta er knytt til dei einskilde musea, som har sine eigne driftsbudsjett, men funksjonar som personalforvalting, rekneskap og marknadsføring er organisert som fellestenester. Dei tilsette arbeider mykje i ulike faggrupper, med ansvar for formidling, samlingar, marknadsføring og liknande. Eigedomsretten til bygningar og samlingar ligg framleis hjå dei opphavlege eigarane, anten det er vedkomande kommune eller ei stifting.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]