Museumssenteret i Hordaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Museumssenteret i Hordaland (MuHo) består av fleire museum i Nordhordland og Bergen kommune i Hordaland fylke og har avdelingar i Salhus, på Lygra og Osterøy.

Museumssenteret i Hordaland er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid, knytt til naturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie og samferdsel. Museumssenteret i Hordaland utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.

Museumssenteret i Hordaland er organisert som ei stifting. I 2007 fekk Museumssenteret tildelt prisen som Årets museum.

Avdelingar[endre | endre wikiteksten]

I Salhus, Bergen: Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland På Osterøy: Osterøy museum og Havråtunet På Lygra, Lindås: Lyngheisenteret På Sletta, Radøy: Vestnorsk utvandringssenter

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]