Musikaren Manfred Mann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manfred Mann
Manfred Mann (1967).jpg
Manfred Mann (1967)
Fødd21. oktober 1940 (79 år)
FødestadJohannesburg, Transvaal i Sør-Afrika
FødenamnManfred Sepse Lubowitz
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1960-åra
InstrumentKlaverinstrument, vokal
Tilknytte artistarManfred Mann
Manfred Mann Chapter Three
Manfred Mann's Earth Band

Manfred Mann (fødd 21. oktober 1940 som Manfred Sepse Lubowitz)[1] er ein sørafrikansk-britisk klaverspelar, gitarist og vokalist, mest kjend som opphavleg medlem av Manfred Mann, Manfred Mann Chapter Three og Manfred Mann's Earth Band.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Manfred Mann, Zelt-Musik-Festival 2017 i Freiburg i Tyskland.

Lubowitz voks opp i ein jødisk familie i Johannesburg i Sør-Afrika, som son av David Lubowitz og Alma Cohen.[2] Han studerte musikk ved University of the Witwatersrand, og arbeidde som jazzpianist ved fleire nattklubbar i Johannesburg. Mellom 1959 og 1961 spelte han og barndomsvenen Saul Ozynski inn to album som The Vikings - det første rock and roll-bandet i Sør-Afrika.

Lubowitz var sterkt i mot apartheidsystem i heimlandet,[1] og flytta til Storbritannia i 1961 og byrja å skrive for «Jazz News» under pseudonymet Manfred Manne (etter jazztrommeslagarenShelly Manne), men dette vart etter kort tid korta ned til Manfred Mann.[3] Året etter møtte han trommeslagaren og klaverspelaren Mike Hugg i Clacton Butlins Holiday Camp og i lag danna dei eit stort blues-jazz-band kalla The Mann-Hugg Blues Brothers. Dette utvikla seg til eit fem mann stort mann og dei fekk platekontrakt med EMI i 1963, under etiketten HMV.

Dei endra namn til Manfred Mann etter ønske frå plateprodusenten, og frå 1964 til 1969 fekk dei ei rekkje hittar («Do Wah Diddy Diddy», «Sha La La», «Pretty Flamingo», «Mighty Quinn»). Gruppa vart oppløyst i 1969 og Mann danna like etter eit anna band med Mike Hugg, Manfred Mann Chapter Three, eit eksperimentelt jazzrockband. Dei vart oppløyst etter to album, men Mann fortsette med nok eit nytt band i 1971, Manfred Mann's Earth Band, som framleis er aktive i dag. Dei hadde fleire hittar, mellom anna med tre Bruce Springsteen-songar, «Spirits in the Night», «For You» og «Blinded by the Light», «Runner», «Davy's on the Road Again», «You Angel You», «All Through the 80's» og «Joybringer».

Manfred Mann 2016

Manfred Mann spelte som jazzpianist i Jesús Franco-filmen Venus in Furs frå 1969 og framførte musikken for filmen.

Mann har òg gjeve ut musikk i soloprosjekt som «Manfred Mann's Plain Music» og «Manfred Mann '06.»[4]

Gjestemusikar[endre | endre wikiteksten]

Manfred Mann spelte minimoogsoloUriah Heep-song, «July Morning». Han spelte klaverinstrument på Trevor Rabin-albumet Wolf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Robert M Corich and Andy Taylor, Sleeve Notes, The Best of Manfred Mann's Earth Band Re-Mastered, 1998
  2. Benarde, Scott (2003). Stars of David: Rock'n'roll's Jewish stories. Hanover, NH: Brandeis University Press. s. 79. 
  3. Roger Dopson, sleeve notes, Manfred Mann: The E.P. Collection, 1989
  4. «Manfred Mann &No. 124; Free Music Videos, News, Photos, Interviews, Lyrics, Tour Dates, Ringtones». VH1. Henta 2. januar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Musikaren Manfred Mann