Musikkgruppa America

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
America
America US music group 1976.JPG
Beckley, Peek og Bunnell i 1972
Sjanger
Aktive år 1970 til i dag
Plateselskap Warner Bros., Capitol, Burgundy
Nettstad www.venturahighway.com
Medlemmer
Gerry Beckley
Dewey Bunnell
Tidlegare medlemmer
Dan Peek

America er eit USA-amerikansk rockeband som vart skipa i 1970 av Dewey Bunnell, Dan Peek og Gerry Beckley. Trioen møtte kvarandre først i London, der dei byrja å halde konsertar i lag. America vart særleg populære i 1970-åra, og var kjende for dei tette harmonivokalane og akustiske viserockstilen. Dei gav ut ei rekkje hitalbum og singlar, som vart spelt på mange radiostasjonar.

Bandet kom saman etter bandet var ferdig med vidaregåande skule og fekk ein platekontrakt med Warner Bros. Records. Debuplata deira, America frå 1971, gav dei store hittane «A Horse with No Name» og «I Need You». Homecoming (1972) gav singelen «Ventura Highway», og Hat Trick (1973) følgde, men det selde dårleg. I 1974 kom Holiday med hittane «Tin Man» og «Lonely People» og i 1975 gav dei ut Hearts med hitsingelen «Sister Golden Hair». Samlealbumet deira History: America's Greatest Hits kom ut i 1976 og selde til fleire gonger platina i USA og Australia. Peek slutta i bandet i 1977 og dei vart mindre populære. I 1982 fekk dei eit kort comeback med singelen «You Can Do Magic».

I løpet av fire tiår har gruppa fortsett å spele inn musikk og dratt på turnear. I 2007 kom albumet Here & Now som var eit samarbeid med mange andre musikarar som var inspirert av bandet. America er innlemma i Vocal Group Hall of Fame og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • Gerry Beckley – solo- og korvokal, klaverinstrument, gitarar, bass, munnspel (1970 til i dag)
  • Dewey Bunnell – solo- og korvokal, gitarar, perkusjon (1970 til i dag)
Tidlegare medlemmar
  • Dan Peek – solo- og korvokal, gitarar, bass, klaverinstrument, munnspel (1970–1977; døydde 2011)

Turnémusikarar[endre | endre wikiteksten]

Noverande turnémusikarar
  • Ryland Steen - trommer, perkusjon (2014 til i dag)
  • Bill Worrell – gitarar, banjo, klaverinstrument, korvokal (2014 til i dag)
  • Richard Campbell – bass, vokal (2003 til i dag)
Tidlegare turnémusikarar
  • Willie Leacox – trommer, perkusjon (1972–2014)
  • Dave Caty - bass (1972)
  • David Dickey – bass, korvokal (1972–1980)
  • Jim Calire – klaverinstrument, saksofon (1976–1979)
  • Tom Walsh – perkusjon (1976–1979)
  • Bryan Garafolo – bass (1980–1981)
  • Bradley Palmer – bass, vokal (1981–2003)
  • Trent Stroh – bass, korvokal (2003)
  • Chas Frichtell – bass, korvokal (2003)
  • Michael Woods – gitarar, klaverinstrument, vokal (1977–2014)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]