Musikkgruppa Faust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faust

Faust på scenen i Manchester i 2007.
OpphavWümme i Bremen i Tyskland
Aktiv1971–75; sidan 1990
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
MedlemmerWerner «Zappi» Diermaier
Jean-Hervé Péron
Tidlegare medlemmerHans Joachim Irmler
Rudolf Sosna
Gunther Wüsthoff
Arnulf Meifert

Faust er eit tysk rockeband. Det vart skipa i 1971 i Wümme av produsenten og den tidlegare musikkskribenten Uwe Nettelbeck, og gruppa bestod opphavleg av Werner «Zappi» Diermaier, Hans Joachim Irmler, Arnulf Meifert, Jean-Hervé Péron, Rudolf Sosna og Gunther Wüsthoff, og dei arbeidde med lydteknikaren Kurt Graupner.[5] Musikken deira var basert på dissonans, improvisasjon og eksperimentell electronica,[6] og kom til å påverke ambient og industriell musikk.[7] Dei vert rekna som eit sentralt band i den vesttyske krautrock-rørsla i 1970-åra.[8]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1971–75[endre | endre wikiteksten]

Faust vart skipa i 1971 på landsbygda i Wümme. Dei sikra seg platekontrakt med Polydor og spelte raskt inn debutplata si, Faust, som selde dårleg, men fekk god omtale i musikkpressa på grunn av nyskapingane og skapte ein trufast fanskare. Meifert fekk sparken kort tid etter for å vere for streit.[9]

I 1972 spelte bandet inn det andre albumet, som var noko meir tilgjeneleg, So Far. Faust vart eit av dei fremste banda internasjonalt i det som kom til å bli kjend som krautrock.[10]

Faust var ein av dei første artistane som signerte kontrakt hos Richard Branson sitt Virgin Records, som sette i gang ein noko vågal marknadsføringskampanje for den tida, med føremål å introdusere Faust for britiske platekjøparar. The Faust Tapes var eit klipp-og-lim-album, sett saman av mange bitar frå den omfattande samlinga deira av private innspelingar, som ikkje opphavleg var meint for utgjeving. Virgin gav det ut til prisen for ein singel på den tida, 48 pence. The Faust Tapes selde visstnok over 100 000 eksemplar, men på grunn av den låge prisen vart det ekskludert frå albumlista.[10]

Etter eit samarbeid med Tony Conrad på albumet Outside the Dream Syndicate, spelte Faust inn Faust IV i studioet til Virgin i England. Bandet vart oppløyst i 1975 etter at Virgin avviste det femte albumet deira, men nyutgjevingar av platene deira og ymse ekstra materiale gjennom Chris Cutler sitt Recommended Records opprettheldt ei viss interesse i bandet.

Etter 1975[endre | endre wikiteksten]

Etter Faust vart oppløyst er det ukjend kva gruppa heldt på med. Utgjevingane på Recommended Records omtalte «forsvinninga» til gruppa. På den offisielle nettsida deira er det oppført tre konsertar i 1980-åra, og albumet Patchwork, som er ei samling unytta opptak med tre klipp spelte inn i 1980-åra, men utanom dette er det uklårt kva gruppa gjorde mellom 1975 og 1990.

I 1990 og 1992 kom medlemmane Irmler, Diermaier og Péron saman for nokre konsertar.[10] I 1994 turnerte Faust i USA for første gongen, og Péron og Diermaier hadde med seg Steven Wray Lobdell og medlemmar av Sonic Youth som oppvarmingsband. Irmler deltok ikkje på turneen i 1994, men tok ei meir aktiv rolle etter dette og produserte platene til gruppa og gav dei ut på selskapet sitt Klangbad. Han sette òg saman remiksalbumet Patchwork i 2002. Den kroniske alkoholismen til Sosna enda ei kort sameining av Faust «etter fire eller fem slitsame dagar»,[11] og han døydde 10. november 1996.[12] Gunter Wüsthoff har ikkje teke del i nokre av sameiningane. Dei har halde fram å spele i forskjellige kombinasjonar og med forskjellige ekstra musikarar etter den tid, alltid med Diermaier bak trommene.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Album Salstrofé
1971 Faust
1972 Faust So Far
1973 The Faust Tapes
1973 Faust IV
1994 Rien
1997 You Know FaUSt
1997 Faust Wakes Nosferatu
1999 Ravvivando
2009 C'est Com...Com...Complique
2010 Faust Is Last
(som «Hans Joachim Irmler's Faust»)
2011 Something Dirty
2014 J US t
2017 Fresh Air

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «So Far» (1972)
  • «Chemical Imbalance» (1990)
  • «Überschall 1996» (1996) – delt singel med Stereolab og Foetus
  • «Trafics» (1997) – delt singel med La Kuizine
  • «Wir Brauchen Dich» (2001)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Adelt, Ulrich. Krautrock: German Music in the Seventies. University of Michigan. s. 13. Henta 24. juli 2020. 
  2. Robbins, Ira A.; Sprague, David, red. (1997). The Trouser Press Guide to '90s Rock. Trouser Press. 
  3. Bolton, Matt. «Matt Bolton meets the original Krautrockers». The Guardian. Henta 18. april 2019. 
  4. Moon, Tom (2007). 1,000 Recordings to Hear Before You Die: A Listener's Life List. Workman. s. 274. Henta 24. juli 2020. 
  5. «Allmusic bio». All Media Guide. Henta 24. juli 2020. 
  6. Robbins, Ira A.; Sprague, David, red. (1997). The Trouser Press Guide to '90s Rock. Trouser Press. 
  7. «Allmusic bio». All Media Guide. Henta 24. juli 2020. 
  8. Reynolds, Simon (July 1996). «Krautrock». Melody Maker. 
  9. Jean-Hervé, Peron. «Arnulf Meifert». Faust Pages. Arkivert frå originalen 21. oktober 2020. Henta 24. juli 2020. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 342. ISBN 1-84195-017-3. 
  11. Jean-Hervé Péron on Rudolf Sosna, Dec 2004 Arkivert 2020-10-21 ved Wayback Machine. – faust-pages.com. Henta 13. desember 2013
  12. Péron statement, The Wümme Years box set booklet
  13. «Archived article». Melody Maker. Arkivert frå originalen 9. april 2016. Henta 16. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Faust