Musikkgruppa Høst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Høst var eit norsk band med base i Indre Østfold som spelte musikk i grenselandet mellom hardrock og progressiv rock. Bandet eksisterte mellom 1973 og 1978 og var eit av dei første rockebanda som nytta seg av norske tekstar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bandet bestod av Svein Rønning (gitar), Lasse Nilsen (gitar), Knut R. Lie (trommer), Geir Jahren (vokalist) og Bernt Bodahl (bass). Høst gav ut debutplata På sterke vingerPolygram i 1974 og ho vart spelt inn i løpet av seks dagar. Plata fekk god kritikk. Ei tid etter slutta Nilsen i Høst til fordel for Bazar. Då hadde alt Rønning og Lie slutta bandet og starta Déjà Vu. Nye medlemmer i Høst vart Willy Bendiksen (trommer), Fezza Ellingsen (gitar) og Halvdan Nedrejord (orgel), som alle tidlegare hadde spelte saman i bandet St. Helena. Denne besetninga gav i 1976 ut albumet Hardt mot hardt som vart ein kommersiell nedtur samanlikna med debuten. Der På sterke vinger henta det meste av inspirasjonen sin frå engelsk hardrock var Hardt mot hardt langt meir avansert musikalsk og låg mykje nærare den progressive rocken.

Etter Hardt mot hardt vart Ellingsen erstatta med gitaristen frå eit av dei gamle banda til Bendiksen, Flax, John Hesla, men plateselskapet sette ned foten då bandet ønskte å lage ei ny plate. Som eit kompromiss vart samleplata Extra! Extra! gjeve ut med fire nye låtar i 1977. Kort tid etter skifta bandet namn til Ice og byrja å synge på engelsk. Trass i ei framføring på NRK vart det ingen suksess og sommaren 1978 var det slutt for Høst.

Etter Høst har medlemmene gått ulike vegar. Bodahl slo seg saman med Kjell Inge Røkke for å dra til USA og slå seg opp, og er i dag mangemillionær, busett i USA, og jobbar innanfor Aker Kværner-systemet. Dei andre driv framleis med musikk, men først og fremst på hobbybasis. Rønning, Jahren og Lie har alle vore innom Kerrs Pink, medan Bendiksen mellom anna har spelt med Road, Gry Jannicke Jarlum og Ronnie Lè Tekrö. Han spelar i dag i Wild Willy's Gang og er eigar av utestaden Rock In i Oslo.

Etter oppløysinga har Høst hatt fleire turnear i lag. Dei har òg gjeve ut ein flexisingel med songen «Stille timer» og ei samleplate, Live and Unreleased, som inkluderer ei radioinnspeling frå 1975, fire engelskspråklege songar frå tida som Ice og tre songar frå ein konsertturné i 1991.

Høst spelte konsert på Parkteatret i Oslo 3. desember 2006 i høve prosjekt 101. Høst var òg eit av banda på progrockfestivalen Subtacto, sommaren 2007 i Oslo. 14 august 2010 spelte to forskjellige utgåve av Høst på Rock på Torget-festivalen i Bodø. Det var dei to forskjellige besetningane på På sterke vinger og Hardt mot hardt som spelte sine respektive konsertar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]