Nazareth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Musikkgruppa Nazareth)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Nasaret.
Nazareth

Aktiv1968–
Sjangerhardrock, tradisjonell metal
PlateselskapEagle Records
MedlemmerJimmy Murrison
Pete Agnew
Lee Agnew
Carl Sentance

Nazareth er eit skotsk hardrockband skipa i Dunfermline i 1968. Gruppa hadde ei stordomstid på midten av 1970-talet med arenarock-hitlåtar som balladecoveret sitt av «Love Hurts» og songane «Hair of the Dog» og «This Flight Tonight».[1][2][3]

Gruppa opptrer i mars 1976.

Gruppa blei skipa i desember 1968 av attverande medlemmar frå den halvprofesjonelle lokale gruppa The Shadettes, som var blitt danna i 1961. Vokalisten var Dan McCafferty, gitaristen Manny Charlton, bassisten Pete Agnew og trommeslagaren var Darrell Sweet.[4] Gruppa var inspirert av The Beatles og The Rolling Stones.[5] Dei tok namnet Nazareth frå Nazareth i Pennsylvania, som er omtalt i fyrstelinja til The Band-songen «The Weight» («I pulled into Nazareth, was feelin' about half past dead...»).[4]

Nazareth flytta frå Skottland til London i England i 1970, og gav ut det eponyme debutalbumet sitt i 1971.[4] Etter å ha fått ein del merksemd for det andre albumet sitt Exercises frå 1972, varma Nazareth opp for Deep Purple på turné, og gav ut Razamanaz, produsert av Roger Glover, tidleg i 1973.[4] Frå dette fekk dei to hittsinglar på ti på topp-lista, «Broken Down Angel» og «Bad Bad Boy».[4] Loud 'N' Proud følgde seint i 1973, med ein coverversjon av Joni Mitchell sin song «This Flight Tonight» som også blei ein hitt.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 388. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 681–682. ISBN 1-84195-017-3. 
  3. «CD: Nazareth: Golden Hits (2004)». En.imusic.dk. Henta 3 August 2011. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 284. ISBN 0-85112-072-5. 
  5. Pete Agnew compares Nazareth and Aerosmith with The Beatles and The Rolling Stones.
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.