Musikkgruppa Tintern Abbey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tintern Abbey
OpphavLondon i England
Aktiv1967–1968
SjangerPsykedelisk rock
PlateselskapDeram Records
Tidlegare medlemmerDon Smith
David MacTavish
Stuart MacKay
John Dalton
Paul Brett
Terry Goldberg

Tintern Abbey var eit britisk psykedelisk rock-band som vart skipa seint i 1966 og som var aktive i 1967 og 1968. Bandet er best hugsa for singelen «Vacuum Cleaner», som har vore med på fleire samlealbum gjennom åra.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tintern Abbey vart skipa av Don Smith etter å ha møtt David MacTavish på Overseas Visitors Club i Earl's Court i London. Smith henta inn John Dalton til badet etter eit møte i Cromwellian Club i South Kensington og Mactavish henta inn Stuart Mckay. Smith slutta i bandet etter dei gav ut «Beeside»/«Vacuum Cleaner» og hadde spelt inn songen «Snowman». MacTavish vart seinare medlem av bandet Big Bertha og Velvet Opera, sistnemnde med Paul Brett, som spelte gitar i Tintern Abbey mot slutten.[2][3]

Bandet gav berre ut ein singel på Deram Records, «Beeside»/«Vacuum Cleaner» (Deram 164), i desember 1967.[4] Singelen var produsert av Jonathan Webber, men selde dårleg. Dei spelte så inn songen «Snowman», som var klar for utgjeving då Smith slutta i gruppa. Paul Brett vart då henta inn som gitarist. I tillegg kom organisten Terry Goldberg, opphavleg frå Mark Leeman Five med i bandet.[2] «How Do I Feel Today»/«Do What You Must» var planlagt for utgjeving i april 1968, men kom aldri ut.[4] Det var òg planar om eit heilt album i august 1968, men innan den tid var banet oppløyst.[4]

Sidan bandet vart oppløyst har singelen «Beeside»/«Vacuum Cleaner» vore ettertrakta blant samlarar (ofte selt for over tusen britiske pund) og har blitt trekt fram som eit av dei beste døma på britisk psykedelia.[4][5][6]

I 2006 vart det gjeve ut ein 7" vinyl-EP med fire songar bandet spelte inn i 1968.[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Beeside»/«Vacuum Cleaner» (Deram DM 164) 1967

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Do What You Must (Self-released) 2006

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tintern Abbey Record Details». 45cat. Henta 3. august 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Interview with Paul Brett». Paul Brett. Henta 3. august 2019. 
  3. Liner Notes, Nuggets II: Original Artyfacts from the British Empire and Beyond, 1964-1969. Rhino Records, 2001.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Tintern Abbey Biography». Allmusic. Henta 3. august 2019. 
  5. Joynson, Vernon. The Tapestry of Delights:The Comprehensive Guide to British Music of the Beat, R&B, Psychedelic and Progressive Eras, 1963-1976. Borderline Productions, 1998, p. 533.
  6. Strong, Martin C. The Great Psychedelic Discography. Canongate, 1997, p. 278.
  7. «Do What You Must». Discogs. Henta 3. august 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]