Hopp til innhald

Musikkgruppa VAL

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
VAL

Aktiv2016
Sjangerrhythm and blues, elektronisk musikk

VAL er ein kviterussisk musikkduo som består av vokalisten Valjeryja Hrybusava og musikkprodusenten Vladislav Pasjkjevitsj.[1] Gruppa vart skipa i Minsk i 2016 og skulle ha representert Kviterussland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med låten «Da vidna». Men 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2][3]

VAL vart etablert i Minsk tidleg i 2016 av musikarparet Valjeryja Hrybusava og Vladislav Pasjkjevitsj. Hrybusava hadde tidlegare delteke i The Voice of Ukraine og vann seinare songtevlinga Slavianski Bazaar. I 2016 starta den nyetablerte duoen produksjonsstudioet ToneTwins saman med Andrej Katikov (Paul Kat), som har utdanning frå Berklee College of Music.[1]

1. mai 2016 gav VAL ut debutsingelen «Кто ты есть» ('Kven er du') og følgde opp med «Ветер во сне» ('Vind i ein draum') i september 2016.

VAL vann den kviterussiske finalen til Eurovision Song Contest 2020 28. februar 2020 med songen «Da vidna» ('til daggry'). Duoen skulle dimed representere Kviterussland i Eurovision Song Contest 2020, og var trekt til å deltake i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020.[2] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgende sjukdomen COVID-19.[4]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2016 – «Кто ты есть» ('Kven er du')
  • 2016 – «Ветер во сне» ('Vind i ein draum')
  • 2020 – «Да вiдна» ('Til daggry')
Tittel Detaljar
В моей комнате

(I mitt rom)

  • Gjeven ut: 1. mai 2017
  • Merke: ToneTwins
  • Format: CD, digital nedlasting
  1. 1 2 «VAL». Henta 29. februar 2020.
  2. 1 2 «Belarus will be represented by VAL with 'Da Vidna'». eurovision.tv. 28. februar 2020. Henta 29. februar 2020.
  3. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
  4. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.