Muskedunder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Engelsk muskedunder med flintlås
Måleri som synar den tyske røvaren og bandeleiaren Jakob Reinhard Hannikel (1742-1787) med ein muskedunder

Muskedunder er eit stutt skytevåpen av muskett-typen. Muskedunderen har eit grovkalibra, glatt løp forma som ei trakt, og er meint å nyttast på stutt avstand. I motsetnad til musketten, som vanlegvis vart ladd med ei kule med storleik i samsvar med kaliberet, vart muskedunderen ladd med fleire mindre kuler, eller med alt som elles var tilgjengeleg og høveleg, som til dømes mynter, knappar og anna smått. Til liks med musketten, vart muskedunderen ladd frå munningen. Ved at opninga på løpet var så vid, var muskedunderen lettare og kjappare å lade enn musketten.

Dei aller fleste muskedunderane hadde flintlås, men det finst òg døme på typar med hjullås.

Muskedunderen vart nytta på 1600-talet til inn på 1800-talet.

Nemninga muskedunder kjem av ei samansetting av ordet «muskett» og det nederlandske ordet «donderbus», som tydar tore-pipe.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.