Muslimsk arkitektur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Muslimsk arkitektur har tradisjonelt vore orientert mot det abstrakte og geometriske, på same måte som muslimsk kunst generelt.

Muslimsk kultur har ei kontinuerleg historie på kring 1 300 år, og geografisk utbreiing frå Spania til Indonesia, frå Sentral-Afrika til sør i Russland. Han omfattar på den måten mange ulike tradisjonar, anten ein ser det frå sosiale, kulturelle, politiske eller frå religiøse synsvinklar. Alle desse innfallsvinklane har gjennom skiftande epokar sett preget sitt på den felles muslimske kulturtradisjonen. Arkitekturen har fleire fellestrekk med kunsten innan det muslimske kulturområdet: først det nonfigurative, elles òg trekk som symmetri, heildekkande geometriske mønster på ytterveggene, arabeskar, kalligrafiske ornament og klare fargar.

Arkitektoniske trekk ein finn i heile den arabiske verda er hypostylar, gardsplassar med fontener og omkransande kvelva nisjar, iwan (ein portaltype), kuppelen som er omkransa av minaretar, og ikkje minst mihrab, den rikt dekorerte nisjen i moskeen, som viser bønneretninga mot Mekka.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førhistorie[endre | endre wikiteksten]

Den arabiske ekspansjonen innebar at heile Sasanide-dynastiet og ein stor del av Austromarriket blei erobra av arabarane. Til å byrja med tok den arabiske arkitekturen form som ei blanding av stilelement frå begge desse mektige rika, blanda med element frå ein eldre arabisk tradisjon. Frå bysantinsk arkitektur henta ein kuppelenpendentivet og mosaikkane. Via Bysants fekk ein òg impulsar frå steinarkitekturen i det antikke Hellas, med søyler og urban kultur. Frå Persarriket henta ein tradisjonen med å kle konstruksjonar i tegl og steinfliser med mørtel, vidare kuplar, iwanar og tempelutforminga frå zoroastiske eldtempel.

Etter kvart blanda ein òg inn element frå oldtidsriket Saba i den arabiske estetikken.

Omajadedynastiet (644–750)[endre | endre wikiteksten]

Plan av Klippemoskeen
Klippemoskeen

Omajadedynastiet flytta hovudstaden for kalifatet sitt til Damaskus. Det førte til den første kulturelle oppgangstida, og til ei tilnærming til dei store tradisjonelle kulturområda. På denne måten blei den klassiske arkitekturen utgangspunkt for den muslimske kulturen, omtrent på same måte som han òg blei det i Europa i mellomalderen.

Den klassiske arven er svært tydeleg i dei to omajadiske byggverka som framleis finst i nokolunde opphavleg tilstand: Klippemoskeen i Jerusalem (691-692) og Omajademoskeen i Damaskus (705-715). Klippemoskeen består av ein kuppel på ein oktogonal base, omgitt av ein omgang, ei grunnteikning som også finst i mange oldkyrkjelege kapell. På same måte som i vesten blir desse heilagdommane reist på stader der det tidlegare stod hellig-bygg. I Damaskus lét ein moskeen ta opp i seg murar og tårn frå det romerske Jupitertempelet, som også var brukt i ei bysantinsk kyrkje, og moskeen som Walid lét bygga, inneheld fleire bevarte klassiske element og unike dekorative mosaikkar med plante- og landskapsmotiv.

Omajademoskeen i Damaskus.
Omajademoskeen, mosaikk frå vestsida.

Tradisjonane frå Sasanidedynastiet og Bysants blei supplerte med unikt muslimske trekk. Ein forlét den figurative biletkunsten til fordel for geometrisk dekor og kalligrafisk ornamentikk. Då ein introduserte tanken om ei autorisert bønneretning, qibla, introduserte ein samtidig mihrab, nisjen som viste retninga, og minareten som kalla dei truande til bønn.

Med romerske castrum som modell blei det bygd mange residensar rundt Damaskus. Desse slotta må ha fungert som ein kombinasjon av befesta handelsstasjonar og idylliske slott som kunne gje tilflukt frå livet i byane. Dei var utsmykka med freskar og mosaikkar i den same klassiske stilen som framleis var rikeleg til stades i Konstantinopel, og med relieff og skulpturar i stein og stukkatur i ein teknikk som var importert frå sasanidisk Persia. Medan den religiøse arkitekturen var prega av biletforbodet i islam, fanst det ikkje noko tilsvarande biletforbod i profane bygg, og palassa er derfor fulle av biletsuiter.

Kalif Hisham lét oppføra Khirbat al-Mafjar i Jordandalen som det private palasset sitt 724-743. Etterfølgjaren hans Walid lét vegger, golv og tak dekke med stukkatur, mosaikkar, freskar og steinrelieff. Palasset kom ut av bruk kort tid etter at Walid døydde. I dag utgjer det eit utstillingsvindauge for kva kulturar som hadde innverknad på den tidlege muslimske arkitekturen og kunsten. Den bysantinske arkitekturen var eit viktig forbilde for dei kvelva romma og apsisane i fasaden, med impulsar frå det koptiske Egypt. Mosaikkane tilhøyrde ein syrisk tradisjon, medan stukkaturen er teikn på den veksande innverknaden frå det sasanidiske Iran. Walid fylte romma med realistiske skulpturar i naturleg skala, måla i naturalistiske fargar. Desse skulpturane var av sentralasiatisk opphav og fanst i den muslimske kunsten, både i palassa og i det offentlege rommet, fram til byrjinga av 1200-talet.

Leivningane etter den bysantinske og sassanidiske innverknaden kan ein framleis sjå i det som står att av desse palassa. I ruinane etter begge palassa i Qasr al-Hayr mellom Damaskus og Palmyra ligg framleis bysantinske søyler, og i al-Mshatta utanfor Amman finst fire sassanidiske iwanar, medan dei rike fasadedekorasjonane til palasset i dag er i Berlin.

Abbasidane (749-1258)[endre | endre wikiteksten]

Abbasidane gjorde opprør mot omajadane i 750 og flytta hovudstaden til Bagdad 750. Kalif Al-Mansur (754–775) anla byen med ein rund byplan, med ein radius på 2 kilometer. Byen voks raskt ut over denne ramma, og blei ein av dei største byane verda hadde sett til då. 500 år seinare blei likevel heile byen jamna med jorda av mongolane. Indre splid førte til at al-Ma'mun (813-833) oppretta ein livgarde av tyrkiske mamelukkar. Dette styrkte stillinga hans på kort sikt, men var òg byrjinga på slutten for Abbaside-dynastiet. Etterfølgjaren hans al-Mu'tasim (833–842) flytta hovudstaden i riket til Samarra nord for Bagdad. Dei abbasidiske kalifane budde der der frå 836 til 892.

Den store byggherren al-Mutawakkil (847-861) gjorde på kort tid Samarra til ein av dei største byane i verda, og oppførte om lag tjue palass og den største moskéen i verda til då, Al-Mutawakkil-moskéen. Moskeen hadde ein 55 meter høg spiralforma minaret, og var tydeleg påverka av mesopotamiske forbilde. Den store hypostylen i moskeen blei eit stilideal for moskear over heile verda. Også bruken av kuplar med trompar stammar frå denne perioden. Al-Mutawakkil lét òg bygga al-Ja'fariyya-moskéen (859-861), som representerte eit nytt grep: ein moské med T-plan.

Al-Mutawakkil sitt palass Balkuwara (849-59) omfatta tre store gardsrom, ni søylehallar og fleire moskear. Det var omslutta av ein kvadratisk mur som var over ein kilometer lang. Palasset er dominert av ein sentralakse mellom hovudentreen med kjempesøyler og den høgt plasserte tronsalen. Langs aksen låg ein sentralhall omgjeven av fire audienshallar, eit arrangement med persisk forbilde. Palasset var bygt i tegl med portalar av tre, kvelva tak og med mange rikt dekorerte nisjar: freskar, stukkatur og vindauge med farga glas.

I Samarra lét Al-Mutawakkil sin etterfølgjar Al-Muntasir (861–862) oppføra det første monumentale islamske mausoleet: Qubbat al-Sulaibiyya (862).

Både omajadane og abbasidane lét bygga fleire palass i ar-Raqqa i Syria. Stilforskjellane mellom palassa til dei to dynastia er tydeleg i ar-Raqqa. Hisham (724-743) sine palass er sentrerte rundt eit stort gardsrom, og omslutta av ein tjukk mur med fire runde tårn i hjørna. Harun al-Rashid (786-809) lét oppføra eit 10 km² stort palass i tegl nord for byen med ein sentral gardsplass omgitt på alle fire sider av iwanar. Rykta om prakta ved hoffet i ar-Raqqah spreidde seg langt utanfor den islamske verda.

I dag er det nesten berre fragment og ruinar att av den abbasidiske arkitekturen.

Nord-Afrika[endre | endre wikiteksten]

Hærføraren Uqba ibn Nafi innleidde dei muslimske erobringane i Nord-Afrika i 670 og grunnla byen Sousse i dagens Tunisia. Dette skulle bli den fjerde heilagste byen i islam, og var i lange periodar eit administrativt, økonomisk og kulturelt senter i Nord-Afrika. Byen blei eit viktig reisemål for mange pilegrimar, og var utstyrt med fleire moskear, der den største og viktigaste var Sid Okba-moskeen, eit byggverk som introduserte T-planen i Maghreb. Den om lag 30 meter høge minareten blei bygd 724-28, og er den eldste som framleis står. Det store gardsrommet er omgjeve av ein peristyl med spissa boger som blir haldne oppe av slanke, parvise kolonnar. Kolonnane består på same måte som basen til minareten av delar av betydeleg eldre romerske og bysantinske byggverk.

Andalusisk[endre | endre wikiteksten]

Løvegarden i Alhambra
Frå La Mezquita i Cordoba

Bygginga av den store moskeen i Córdoba i 785 var innleiinga på ein muslimsk arkitekturtradisjon i Spania og Nord-Afrika. Moskéen er framfor alt kjend for dobbelkvelva sine. Den mauriske arkitekturen nådde eit høgdepunkt med oppføringa av al-Hambra, det storslåtte, befesta slottet i Granada, som er kjend for rommelege, opne gardsrom med ornament i raudt, blått og gull. Keramikkflisene på veggane er dekorerte med stilisert lauvverk, arabisk kalligrafi og arabeskar.

Persisk[endre | endre wikiteksten]

Det persiske riket var eit av dei fyrste territoria som kom i kontakt med islam. Persarriket hadde på 600-talet sentrum på austbreidda av Eufrat og Tigris. Det er truleg rettare å seia at den muslimske arkitekturen arva stiltrekk frå sasanidane, enn at dei lånte dei. Då al-Mansur grunnla Bagdad, blei det gjort med inspirasjon frå persiske forbilde som Firouzabad, og utført av arkitektar som verka i ein persisk tradisjon: Naubakht, ein zoroastrisk persar, og Mashallah, ein jøde frå Khorasan i det noverande Iran.

Minareten i moskeen i Samarra er nærast ein kopi av spiraltårnet i den tidlegare sasanidiske hovudstaden Firouzabad, og han kom til å danna eit ideal og forbilde for muslimske minaretar over heile verda. I moskeen finst òg ein brei hypostyl med rader av kolonnar som ber spiraltårnet.

Timuridisk[endre | endre wikiteksten]

Den timuridiske arkitekturen er den fremste islamske kunsten i Sentral-Asia med dei monumentale byggverka som Timur Lenk og hans etterfølgande lét oppføra i Samarkand og i Herat. Den timuridiske arkitekturen byrja med Ahmed Yasawi-mausoleet i dagens Kasakhstan, og kulminerte med Timur sitt mausoleum Gur-e Amir i Samarkand.

Karakteristiske for denne delen av islamsk arkitektur er akse-bruken i verk som Shah-e Zendah i Samarkand og moskeen Gowhar Shad i Mashhad. Dei doble kuplane med dei varierande formene sine er dekorert utvendig med keramikkplater i klare fargar. Den timuridiske arkitekturen hadde stor innverknad i India og førte til framveksten av mogularkitektur.

Mogulriket[endre | endre wikiteksten]

Badshahimoskéen i Lahore i Pakistan

Mogularkitekturen i India på 1500-talet var ei blanding av hinduiske og muslimske stilelement. Keisar Akbar den store oppførte den mislykka hovudstaden sin Fatehpur Sikri ca. 40 km nord for dagens Agra på slutten av 1500-talet.

Det best kjende byggverket frå perioden er utan tvil det vakre mausoleet Taj Mahal, som stod ferdig i 1648. Det blei bygd av Shah Jahan til minne om kona hans, som døydde etter å ha fødd det fjortande barnet deira. Byggverket er utført i marmor og edelsteinar, og følgjer den strenge symmetrien som mogulane arva frå timuridene, med eitt unntak: Grava til Shah Jahan var plassert asymmetrisk under golvet av krypta. Symmetrien var tenkt ført vidare til ein nærliggande moské i raud sandstein og derfrå heilt bort til Mekka.

Osmansk[endre | endre wikiteksten]

Den osmanske arkitekturen er først og fremst eksponert gjennom dei såkalla sultanmoskeane i Istanbul, og i særleg grad arbeida til arkitekten Sinan på midten av 1500-talet. Dei osmanske moskéane og palassa utgjer, paradoksalt nok, høgdepunkt i grunnformene til den føregåande bysantinske arkitekturen, sidan Mehmet II var påpasseleg med å inkorporera det tusenårige formspråket til den bysantinske kulturen, ein stilart som byrja med Hagia Sofia tidleg på 600-talet.

Viktige bygg innan muslimsk arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Islams fremmarsj, 600-800 e. Kr., Gyldendal, 1989 (Historiens folk og riker). ISBN 82-05-17709-0
  • Nooraddin, Hoshiar. Tradisjonell islamsk arkitektur og byform. Institutt for by- og regionplanlegging, Fakultet for arkitektur, plan og kunst, NTNU , [1996] ISBN 82-7259-095-6
  • Stierlin, Henri. Islamsk arkitektur. Alhambra Förlag , 1995. ISBN 91-87680-83-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Muslimsk arkitektur