Muslingkreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Muslingkreps
Stormuslingkreps (Herpetocypris reptans) Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
Stormuslingkreps (Herpetocypris reptans)
Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Muslingkreps Ostracoda
Latreille, 1802

Muslingkreps (Ostracoda) er ei samling småe krepsdyr som lever både i havet og i ferskvatn. Namnet har dei fått frå forma deira, som er so lik på muslingar at dei kan forvekslast utan nærare undersøkingar. Til liks med muslingar har muslingkreps eit todelt kalsifisert skal som kan lukkast ved hjelp av eit kippe tverrgåande musklar og eit hengselsystem på ryggsida. Anatomien er derimot tydeleg frå eit sant krepsdyr, med både bein, munndelar og fleire andre organ som lett kan relaterast til hummar, krabbar og kreps.

13 000 artar muslingkreps er estimerte eller kjende frå saltvatn, medan 2 000 artar er estimerte å finnast i ferskvatn. I Noreg er 232 artar registrerte og 250 artar er estimerte å leva her totalt (per juli 2016 eller tidlegare).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]