Musvåk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musvåk
Ungfuglar har mørke og lyse striper i lengdretning.[1] Foto frå Skottland Foto: Mark Medcalf
Ungfuglar har mørke og lyse striper i lengdretning.[1] Foto frå Skottland
Foto: Mark Medcalf
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[2]Utbreiinga av Musvåk
Utbreiinga av Musvåk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Buteo
Art: Musvåk B. buteo
Vitskapleg namn
Buteo buteo

Musvåk (Buteo buteo) er ein mellomstor rovfugl i haukefamilien. Han hekkar over heile Europa[3] og austover til Sentral-Asia. Han har fråvære frå Island, nordlegaste Fennoskandia og nordlegaste Russland. Spesielt dei austlege populasjonane er trekkfuglar. Største overvintringsområde ligg i sørlege Afrika, men delar av Anatolia til Levanten og fleire andre små område i Europa, Afrika og Asia blir brukte av trekkfuglbestandar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Musvåk i flukt
Foto: Juan Lacruz
Muvåk i flukt i Skottland
Foto: Walter Baxter
Musvåkegg

Musvåken måler mellom 40 og 56 centimeter i kroppslengd med vengespenn på 109-136 cm[1] og ein kroppsmasse på ca. 430-1360 gram,[4] noko som gjer han til ein mellomstor rovfugl.[5]

Denne breivenga rovfuglen har eit stort utval av fjørdrakter varierande med alder, underart og geografi, og i Europa kan han forvekslast med liknande artar som fjellvåk og vepsevåk i flukt. Begge har mykje lik fluktprofil og fjørdrakter som liknar musvåken sin fjørdrakt. Alle desse artane har glideflukt der dei utnyttar termikk for å vinne høgd. Musvåken 'stiller' ikkje så mykje som fjellvåk. I flukt har musvåken litt tydelegare vinkel i vengknoken enn vepsevåk, men ikkje så mykje som fjellvåken.[1]

Nominatforma av musvåk har ein mørk og ein lys morf, sistnemnde kan verke nær kvit.[4] Draktene blir mørkare med aukande alder og kan elles skildrast med varierande mengd av farger i brunt, svart og kvitt. Ei fullmoden fjørdrakt for musvåk kan typisk vere mørk brun på oversida med lysare underside og svake eller uklåre tverrstriper.[1]

Nominatforma i Europa er ikkje langdistanseflyttfugl, mange fuglar som hekkar lengst nord, som i Skandinavia, trekker sørover i Europa om vinteren. Fuglar som hekkar i Sør-Europa kan vere standfuglar eller røre seg lite etter årstidene.[4]

Blant fleire underartar er det ein som skil seg, B. b. vulpinus. Denne blir kalla russevåk i Noreg. Han hekkar frå Finland og Aust-Europa, austover til Sentral-Asia, inkludert vestlegaste Mongolia og Kina. Russevåk er ein langdistanseflyttfugl, og overvintrar i Afrika og India. Han er mindre enn nominatforma og meir raudleg i fjørdrakta.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Musvåken hekkar i skogsområde, vanlegvis i utkantane, og favoriserer jakt over ope land. Som ein stor opportunist tilpassar seg godt til ein variert diett. Han føretrekk pattedyr som byttedyr, og finn fram til åtsel. Blant pattedyr blir gnagarar brukt, inkludert kaninar og markmus. Om tilgangen på pattedyr er dårleg, vil dei jakte fuglar, nokre gonger så store fuglar som byduer, vaktlar, fasanar og tårnugler.[4] Han kan ofte sjåast over nypløgde marker på jakt etter meitemark og insekt. Andre byttedyr er artar av slangar og små reptil.

Musvåkar dannar normalt ikkje flokkar, men fleire kan sjåast saman under trekk eller i gode habitat. I nokre sjeldne tilfelle kan opptil 20 musvåkar oppdagast i eitt område, ca. 30 meter frå kvarandre, det kan vere fuglar utan partnar eller utan territorium.

Lætet er eit høgt jamrande «piijæh» med snøgt fallande styrke, oftast frå fuglar i flukt.[1]

Den globale populasjonen er estimert til å ligge mellom 21 og 37 millionar individ og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av musvåk Buteo buteo for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  3. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Orta, J., Boesman, P., Marks, J.S. & Garcia, E.F.J. (2018) Common Buzzard (Buteo buteo) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 1. juli 2018
  5. Ferguson-Lees, J.; Christie, D. (2001). Raptors of the World. Illustrated by Kim Franklin, David Mead & Philip Burton. Houghton Mifflin. ISBN 0-618-12762-3. 
  6. BirdLife International (2018) Species factsheet: Buteo buteo Arkivert 2016-11-01 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. juli 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Musvåk