Mutaz Essa Barshim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mutaz Essa Barshim
Mutaz essa barshim.jpg
Fødd 24. juni 1991 (31 år)
Doha
Yrke høydehopper, friidrettsutøvar
Mutaz Essa Barshim på Commons

Mutaz Essa Barshim (fødd 24. juni 1991) er ein høgdehoppar frå Doha i Qatar. Han vart verdsmeister i 2017 og forsvarte VM-tittelen i 2019, sommaren 2021 vart han olympisk gullmedaljevinnar i Tokyo. Hans personlege rekord på 2,43 meter er det einast verdsrekordhaldaren Javier Sotomayor med 2,45 m som overgår.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Barshim var ein dei absolutt beste høgdehopparane i verda frå 2012. Under Sommar-OL 2012 var han ein av tre utøvarar som fekk kvar si bronsemedalje. Veker etter sommarleikane presterte han personbeste i Lausanne med 2,39 m. Denne landsrekorden forbetra han den 1. juni 2013 i Eugene i Oregon til 2,40 m. I verdsmeisterskapen 2013 i Moskva måtte han nøye seg med sølv, trass i at han tok seg over 2,38 m.

5. september 2014 vann Barshim høgdetevlinga i DL-stemnet i Brussel på 2,43 meter, ingen andre enn verdsrekordhaldaren hadde hoppa så høgt. Etter fjerdeplass i Beijing-VM 2015, lukkast han vinne sølvmedaljen under OL 2016 i Rio de Janeiro.

Barshim vann gullmedaljen både ved Friidretts-VM 2017 og Friidretts-VM 2019, i den siste meisterskapen var han den einaste som svinga seg over 2,37 meter, årsbeste for hans del. Også under Sommar-OL i 2021 presterte han 2,37 m, noko som gjorde at han italienaren Gianmarco Tamberi kunne dele gullet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]