Muthanna guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 30°12′N 45°21′E
Muthanna guvernement
المثنى محافظة
guvernement
Land Flag of Iraq.svg Irak
Koordinatar 30°12′N 45°21′E
Hovudstad Samawah
Areal 51 740 km²
Folketal 770 500 (2015) [1]
Folketettleik 15 / km²
Al-Muthanna in Iraq.svg
Wikimedia Commons: Muthanna Governorate

Muthanna guvernement (arabisk المثنى Al Muthannā) er eit guvernement i Irak, kalla opp etter den arabiske generalen al-Muthanna ibn Haritha frå 600-talet. Det ligg sør i landet ved grensa til Saudi-Arabia. Det administrative senteret er byen Samawah.

Før 1976 var guvernementet ein del av Diwaniya guvernement, som i dag er ein del av Najaf guvernement og Al-Qādisiyyah guvernement.

Samawah ligg like ved den sumerisk-babylonske oldtidsbyen Uruk (arameisk Erech), som kan vere opphavet til namnet «Irak». Etter Babylon fekk lågare status då selevkidane grunnla Seleucia, vart Uruk den største byen sør i Babylonia. Namnet hans, Erech, fortrengde etterkvart Babili (Babylonia), sidan byen varte langt lengre enn den tidlegare hovudstaden, fram til 600-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Citypopulation.de