Muzong av Tang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Muzong av Tang
Muzong.jpg
Keisar av Tang
Regjeringstid821-824
Fødd795
FødestadChang'an
Død25. februar 824
DødsstadChang'an
FøregangarXianzong
EtterfølgjarJingzong
Gift medEmpress Dowager Wang, Empress Dowager Xiao, 韦贵妃 (唐穆宗), Guifei, of the Wu clan
DynastiLi
FarXianzong av Tang
Morkeisarmor Guo
BornKeisar Jingzong
Keisar Wenzong
Li Cou
Li Rong
Keisar Wuzong
Prinsesse Yifeng
Prinsesse Huaiyang
Prinsesse Yan'an
Prinsesse Jintang
Prinsesse Qingyuan
Prinsesse Raoyang
Prinsesse Yichang
Prinsesse Ankang

Muzong av Tang (79525. februar 824) var keisar av Kina under Tang-dynastiet, frå 821 til 824.

Keisar Muzong var son av keisar Xianzong, då oldefar hans Dezong var keisar.[1] Det personlege namnet hans var Li Heng (kinesisk 李恒, Lǐ Héng). Han blei utnemnd til kronprins i 812, og etter at Xianzong skal ha blitt drepen av ein evnukk blei Li Heng utropt til keisar i 820.

Etter å ha kome på trona brukt Muzong mykje av tida si på festing og drikking, og utførte ikkje alle dei keisarlege pliktene sine. Dei militære leiarane i regionane (jiedushi) som var blitt mellombels stagga byrja å utfordra sentralmakta att, og tre område nord for Gulefloden blei i røynda sjølvstendige Korrupsjon var også utbreidd i riket.

I 823 blei keisar Muzong lamma av eit slag, og etter fleire oppfordringar utropte han eldstesonen sin Li Zhan til kronprins. Kort tid etter skal tilstanden hans ha betra seg.[2] I tida som følgde blei hoffet hans dominert av evnukken Wang Shoucheng og kanslaren Li Fengji.[3] Den korte regjeringstida hans enda med eit nytt slag våren 824. Muzong blei gravlagd i Guangling.[4] Døden hans blei sett på som byrjinga på nedgangstida til Tang-dynastiet. Li Zhan etterfølgde faren som keisar Jingzong.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tangshu, bd. 16.
  2. Zizhi Tongjian, bd. 242.
  3. Xiong, Victor Cunrui: Historical Dictionary of Medieval China, Scarecrow Press, 2008 (engelsk), s. 370. ISBN 0810860538. Henta 20 november 2014. 
  4. Zhou, Xiuqin: Zhaoling: The Mausoleum of Emperor Tang Taizong, SINO-PLATONIC PAPERS, 2009 (engelsk), s. 241-243. Henta 22. november 2014. 
  5. Zizhi Tongjian, bd. 243.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Herbert A. Giles: A Chinese biographical dictionary. London 1898