Muztagh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Muztagh sett frå vest

Muztagh (=istårnet) er eit 7 273 meter over havet høgt fjell i fjellkjeda Karakoram i regionen Gilgit-Baltistan i det nordlege Pakistan. Regionen der fjellet ligg er omstridd, India hevdar det høyrer med til den indiske delstaten Jammu og Kashmir.

Muztagh vert rekna som ein av dei vanskelegaste fjelltoppane å bestige. Fjellet ligg omkrinsa av Baltoro- og Sarpo Laggo-breane og har ved sidan av hovudtoppen på 7 273 meter ytterlegare ein mindre topp på nordaustegga som når 7 180 meter over havet.

Ein britisk klatrelag beståande av fire mann nådde toppen av Muztagh 6. juli 1956. Britane, som klatra opp vestsida, var på toppen fem dagar føre franske klatrar kom opp frå austsida. Den lægre toppen vart bestige i 1984, via nordaustegga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]