My Favorite Things

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«My Favorite Things»
Musikk av Richard Rodgers
Tekst av Oscar Hammerstein II
Publisert 1959
Språk engelsk
Innspelt av Mary Martin & Patricia Neway (1959),
John Coltrane (1961-1967),
Julie Andrews (1965),
The Supremes (1965),
Herb Alpert (1968),
Carrie Underwood (2013),
Kelly Clarkson (2013)

«My Favorite Things» er ein populær musikalsong, opphavleg frå Rodgers og Hammerstein-musikalen The Sound of Music frå 1959.

Songen vart først sungen som ein duett mellom Maria (spelt av Mary Martin) og Mother Abbess (Patricia Neway) i den originale Broadway-produksjonen og av Julie Andrews i The Garry Moore Show og filmen frå 1965.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I musikalen omhandlar teksten ting som Maria likar, som «Raindrops on roses and whiskers on kittens, bright copper kettles and warm woolen mittens». Dette er ting ho tenkjer på når ho føler seg nedfor. I filmen vert dette endra noko og Maria syng songen til von Trapp-borna under eit torevêr.

I 2004 vart filmversjonen av «My Favorite Things» plassert på 64. plassen på lista til AFI's 100 Years...100 Songs for songar frå amerikansk film.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

John Coltrane[endre | endre wikiteksten]

Jazzartisten John Coltrane spelte ein lang, nesten 14 minuttar lang versjon i e-mollalbumet med same namn frå 1961. Han vart ein jazzklassikar og ein signaturlåt for Coltrane, og finst òg på Newport '63 i 1963, Live at the Half Note: One Down, One Up og New Thing at Newport i 1965, Live at the Village Vanguard Again! og Offering: Live at Temple University i 1966, og The Olatunji Concert: The Last Live Recording i 1967. Coltrane-versjonen skil seg kraftig frå den originale songen.

Ein julesong[endre | endre wikiteksten]

Den vinterlege biletbruken i teksten til «My Favorite Things» har gjort han til ein populær julesong, sidan songen nemner «varme vottar», bjelleklang, snøflak, og «sølvkvite vintrar». Han finst på mange julealbum, som:

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 287. ISBN 0-89820-177-2.