Hopp til innhald

My Heart Is Yours

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«My Heart Is Yours»
Song av Didrik Solli-Tangen

Land Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 20. januar 2010[1]
Sjanger Pop, ballade
Lengd 03:05
Selskap Class A Records
Låtskrivar(ar) Hanne Sørvaag, Fredrik Kempe

«My Heart Is Yours» (norsk omsetjing ‘hjartet mitt er ditt’) er ein norsk popballade som vann Melodi Grand Prix 2010, og som var det norske bidraget i Eurovision Song Contest i Bærum same år. Songen var skriven av Hanne Sørvaag og Fredrik Kempe, og blei framført av Didrik Solli-Tangen. I Eurovision Song Contest blei «My Heart Is Yours» nummer 20 av 25 bidrag.

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

«My Heart Is Yours» var ein av rundt tusen låtar som blei sende inn til NRK sin Melodi Grand Prix i 2010, og han var ein av dei 21 låtane som blei plukka ut til å delta i konkurransen. Didrik Solli-Tangen framførte songen i den tredje delfinalen, som blei arrangert i Skien fritidspark laurdag 23. januar 2010. Der kvalifiserte songen seg direkte til den norske finalen i Oslo Spektrum laurdag 6. februar 2010.

I finalen var «My Heart Is Yours» det sjuande og nest siste bidraget ut på scena. Songen avanserte til gullfinalen og vann ein overlegen siger med over 466 000 røyster. Dimed blei «My Heart Is Yours» det norske bidraget til Eurovision Song Contest, som dette året blei arrangert på Fornebu i mai.[2]

I songen syng Solli-Tangen til sin kjære. Han understrekar at uansett kor langt dei måtte vere frå kvarandre, vil hjartet hans alltid vere med den han elskar.[3]

«Heart» blei «hard»[endre | endre wikiteksten]

Etter finalen blei engelskuttalen til Didrik Solli-Tangen ein stor snakkis. Songaren uttalte t-en i «heart» som ein d, altså «my hard is yours». I amerikansk engelsk kan rett nok t-en høyrast ut som en d i løpande uttale, men uttalen gav uansett songtittelen ei heilt ny meining, noko også pressa og Twitter-kommentatorar visste å ha moro med. Solli-Tangen sjølv tok kritikken med godt humør og lovde å ta eit uttalekurs, og i den internasjonale finalen song han med ein distinkt t-lyd i «heart». T-skjorteselskapet Probat trykka også opp eigne t-skjorter med teksten «My hard is yours», som også Didrik Solli-Tangen brukte fram mot den internasjonale finalen.[4][5][6][7][8]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest var «My Heart Is Yours» direktekvalifisert til finalen, sidan Noreg var vertskap for konkurransen. Songen var det tredje bidraget ut på scena i finalen i Telenor Arena laurdag 29. mai – etter Spania, og før Moldova. Songen fekk 35 poeng i avrøystinga og blei med det nummer 20 av 25 bidrag.[9]

Vonbrotet etter Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2017 blei Didrik Solli-Tangen nummer to i tv-konkurransen StjernekampNRK1. I finalen 28. oktober var «My Heart Is Yours» ein av dei tre låtane Solli-Tangen framførte. I programmet fortalde Solli-Tangen om vonbrotet over å berre bli nummer 20 i den internasjonale finalen sju år tidlegare. Han hadde knapt sett opptak av framsyninga i Eurovision Song Contest, men såg opptaket i samband med Stjernekamp-finalen. I programmet kommenterte Solli-Tangen at mens han koste seg i den norske finalen, var han frykteleg usikker og prøvde å gjere alt riktig i den internasjonale finalen. Han fortalde vidare at han framleis får vondt inni seg når han ser klippet, og at han gjerne skulle ha gjort framsyninga om igjen. Solli-Tangen fekk ein psykisk smell etter finalen, og at det tok «mange år før jeg fikk troen på meg selv igjen».[10]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

«My Heart Is Yours» låg sju veker på VG-lista, med ein andreplass som beste notering. Songen blei seinare sertifisert med platina.[11]

Liste (2010) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
Flagget til Noreg Noreg (VG-lista)[12] 2 7 Veke 4 2010

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Didrik Solli-Tangen ‎– My Heart Is Yours». Discogs.com. Henta 8. januar 2017. 
  2. «Melodi Grand Prix 2010 – norsk finale (2:2)». Norsk rikskringkasting. 6. februar 2010. Henta 10. august 2016. 
  3. «My Heart Is Yours – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 8. januar 2017. 
  4. Byrkjedal, Mona (24. februar 2010). «Didrik hos P4: – Hold kjeften på deg!». VG Nett. 
  5. Byrkjedal, Mona (8. februar 2010). «Twitterstorm om «My Heart Is Yours»». VG Nett. 
  6. Byrkjedal, Mona (17. februar 2010). «Endelig sitter Didriks uttale!». VG Nett. 
  7. Lundervold, Linn Kongsli (8. februar 2010). «– Ja, jeg vil ta engelskkurs». Dagbladet.no. Arkivert frå originalen 23. september 2016. Henta 8. januar 2017. 
  8. Skogrand, Merete (10. mai 2010). «Didriks «hard» kan bli din». Dagbladet.no. Arkivert frå originalen 23. september 2016. Henta 8. januar 2017. 
  9. «Eurovision Song Contest 2010». eurovision.tv. Henta 8. januar 2017. 
  10. «Stjernekamp 2017: finale – intervju med Didrik Solli-Tangen». Norsk rikskringkasting. 28. oktober 2018. Henta 29. oktober 2017. 
  11. «Trofeer 1993–2011». Ifpi – norsk platebransje. Arkivert frå originalen 26. juni 2006. Henta 29. oktober 2017. 
  12. «'My Heart Is Yours' på VG-lista». Norwegian Charts (VG-lista) (på engelsk). 2018. Henta 15. april 2018.