My Last Breath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«My Last Breath»
Song av James Newman
Land Storbritannia
Språk Engelsk
Utgjeve 27. februar 2020
Sjanger Pop, ballade
Lengd 02:34
Selskap BMG
Komponist James Newman
Tekstforfattar James Newman
Låtskrivar(ar) James Newman, Ed Drewett, Adam Argyle, Iain James
Produsent Adam Argyle

«My Last Breath» (norsk 'mitt siste andedrag') er ein britisk popsong frå 2020 med James Newman. Låten skulle ha vore det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[1] Newman har skrive songen saman med Ed Drewett, Adam Argyle og Iain James, og han vart utgjeven 27. februar 2020.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Newman skreiv songen saman med låtskrivarkompisane Ed Drewett, Adam Argyle og Iain James. Sistnemnde skreiv òg vinnarsongen i Eurovision Song Contest 2011, «Running Scared» med Ell & Nikki frå Aserbajdsjan.[2] Inspirasjonen til «My Last Breath» fekk dei etter å ha sett ein dokumentar om ein dykkar i Nordsjøen som vart redda etter å ha kome bort frå resten av dykkarlaget sitt. «Det fekk oss til å tenkje over kva du kan vere villig til å gjere for andre menneske», sa Newman i eit intervju med BBC.[2]

«My Last Breath» vart skriven i Skottland i januar 2019, medan dei oppheldt seg nær ein loch. Kvar dag isbada dei i den iskalde innsjøen. Musikkvideoen til songen reflekterer dette, i og med at den nederlandske isbadaren Wim Hof er med i videoen.[3]

I 2019 samarbeidde plateselskapet til Newman BMG med kringkastaren BBC om å finne ein passande låt og artist til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest 2020. BMG føreslo Newman, og etter ein liten tenkjepause sa han ja, fordi Eurovision Song Contest er ei «feiring av musikken».[3]

«My Last Breath» vart offentleggjord i ei morgonsending på BBC Radio 1 torsdag 27. februar 2020. Songen vart òg utgjeven for digital nedlasting og strøyming same dag. I intervjuet sa Newman at han visste at denne songen var den rette for tevlinga: «Eg berre elska enkelheita og den universelle bodskapen i songen».[4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«My Last Breath» skulle ha representert Storbritannia i Eurovision Song Contest 2020, etter at den britiske kringkastaren BBC internt valde James Newman til å representere nasjonen. Som eitt av dei fem store landa i tevlinga, var Storbritannia direktekvalifisert til finalen i Rotterdam i Nederland laurdag 16. mai 2020. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlysa Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[5] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

«My Last Breath» fekk blanda mottaking frå både fans og presse i Storbritannia.[4] Musikkmeldaren Louis Staples i avisa The Independent kommenterte syrleg at songen er det som skjer om ein «kunstskinnjakke frå River Island, ein X Factor-vinnarsong og din onkels midtlivskrise fekk eit barn saman».[6] BBC-meldaren Mark Savage var langt meir positiv, og kommenterte på sedvanleg tørt britisk vis etter at låten vart spelt på BBCs morgonprogram: «Der var han, inneklemd mellom låtar av Harry Styles og Dua Lipa, og … det høyrdest ikkje ut som om programmet hadde vorte hacka.»[3]

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 27. februar 2020 Digital nedlasting, strøyming BMG [7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 Holden, Steve (27. februar 2020). «The UK announces its Eurovision 2020 entry». BBC News (på engelsk). 
  3. 3,0 3,1 3,2 Holden, Steve (27. februar 2020). «The UK announces its Eurovision 2020 entry». BBC News (på engelsk). 
  4. 4,0 4,1 «The UK’s entry for Eurovision 2020 has just been announced and fans are divided» (på engelsk). 27. februar 2020. Henta 27. februar 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  6. «Every single thing that's wrong with the UK's horrifying Eurovision song» (på engelsk). 27. februar 2020. Arkivert frå originalen 27. februar 2020. Henta 27. februar 2020. 
  7. «My Last Breath by James Newman». Henta 27. februar 2020.