My Life av Billy Joel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
My Life
Singel av Billy Joel
frå albumet 52nd Street
B-side «52nd Street»
Utgjeve 28. oktober 1978
Innspelt 1978
Sjanger poprock
Lengd 4:44 (album)

3:50 (singel)

Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi
«The Stranger»
(1978)
My Life «Big Shot»
(1979)


«My Life» er ein song av Billy Joel som kom ut på albumet 52nd Street i 1978. Songen vart gjeven ut på singel hausten 1978 og nådde andreplassen på den amerikanske adult contemporary-lista. Tidleg året etter nådde han tredjeplassen på Billboard Hot 100.

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Songen byrjar med trommer og elektrisk bass, etterfølgd av eit riff på piano. Riffet vert òg nytta som mellomspel mellom verset og refrenget, og igjen mot slutten.

Chicago-medlemmane Peter Cetera og Donnie Dacus syng korvokal og song i lag med Billy Joel på mellomspelet og avslutninga av songen («Keep it to yourself, it's my life»).[treng kjelde]

«My Life» vart nytta som kjenningsmelodi for ABC-serien Bosom Buddies (1980–82), men på grunn av lisens-problem er han ikkje med på VHS- og DVD-utgjevingane av serien. I desse tilfella er songen bytta ut med «Shake Me Loose» sungen av Stephanie Mills.

Singelen er korta ned noko i forhold til albumversjonen. Både introen og mellomspelet er kortare, medan mellomspelet mellom vers og refreng er kutta i to. Den instrumentale delen etter det andre mellomspelet er fjerna heilt.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978/1979) Plassering
Australia 6
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[1] 11
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[2] 27
Canada (RPM100)[3] 3
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[4] 2
Nederland (Mega Single Top 100)[5] 22
Irland[6] 3
Japan (Oricon) 37
New Zealand (RIANZ)[7] 6
Sør-Afrika (RISA)[8] 2
Spania 13
Sveits (Schweizer Hitparade)[9] 4
UK Singles Chart 12
U.S. Billboard Hot 100 3
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Billy Joel – My Life – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 29. august 2014.
  2. "Ultratop.be – Billy Joel – My Life" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. august 2014.
  3. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.0091a&type=1&interval=24&PHPSESSID=r0b0fvnmfdiiqb8dm7jlqidr00
  4. "Nederlandse Top 40 – Billy Joel search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 29. august 2014.
  5. "Dutchcharts.nl – Billy Joel – My Life" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. august 2014.
  6. «Results for «Billy Joel"». irishcharts.ie. s. 3. Henta 29. august 2014. 
  7. "Charts.org.nz – Billy Joel – My Life". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 29. august 2014.
  8. ««My Life» on the Sør-Afrikan Singles Chart». Springbok Radio. January 26, 1979. Henta 29. august 2014. 
  9. "Billy Joel – My Life – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 29. august 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]