My People Were Fair and Had Sky in Their Hair... But Now They're Content to Wear Stars on Their Brows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
My People Were Fair and Had Sky in Their Hair... But Now They're Content to Wear Stars on Their Brows
Studioalbum av Tyrannosaurus Rex
Utgjeve 5. juli 1968
Innspelt Tidleg 1968
Studio Advision, London
Sjanger Psykedelisk folk
Lengd 33:18
Selskap Regal Zonophone
Produsent Tony Visconti
Tyrannosaurus Rex-kronologi
My People Were Fair and Had Sky in Their Hair... But Now They're Content to Wear Stars on Their Brows Prophets, Seers & Sages: The Angels of the Ages
(1968)


My People Were Fair and Had Sky in Their Hair... But Now They're Content to Wear Stars on Their Brows er debutalbumet til det britiske psykedeliske folk-bandet Tyrannosaurus Rex (seinare kjend som T. Rex). Det kom ut 5. juli 1968 på Regal Zonophone.

Innspeling, musikk og plateomslag[endre | endre wikiteksten]

My People Were Fair vart spelt inn i Advision Studios i London i England tidleg i 1968 og var produsert av Tony Visconti. Bandet hadde først spelt inn demoar for innspelinga av albumet i leilegheita til Visconti i London og i studio med produsenten Joe Boyd. Advision var det første studioet i Storbritannia som hadde 8-spors opptaksutstyr, som gav langt større fleksibilitet enn dei vanlege 4-sporsopptakarane på denne tida.

To av songane, «Mustang Ford» (omdøypt frå «Go Go Girl») og «Hot Rod Mama» (eit radioopptak for BBC)[1] vart blitt spelt inn tidlegare av Marc Bolan og bandet han hadde før Tyrannosaurus Rex, John's Children. Tidlege versjonar av somme av spora finst òg på The Beginning of Doves, ei samling demoar og tidlege innspelingar som kom ut i 1974. Journalisten Paul Stewart meinte at den lange albumtittelen synte «den falske mystikken på den tida, heilt ned til dedikasjonen på ermet til Aslan og dei gamle narniarane», medan biografiforfattaren Mark Paytress skreiv at tittelen og songane «slo an hos dei fantasirike elementa i den britiske undergrunnsrørsla».[2]

Marc Bolan syng og spelar gitar, medan Steve Peregrine Took syng korvokal og spelar trommer, pixiphone og perkusjon. Med på albumet er òg radioverten John Peel, som les eit eventyr skriven av Bolan, «Frowning Atahuallpa (My Inca Love)» med ein av dei tidlegaste «Hare Krishna»-messingane på ei britisk popplate (to år før George Harrison sin «My Sweet Lord»).

Musikken på albumet er påverka av andre psykedeliske artistar på denne tida, og Bolan gjekk her bort frå den elektrisk gitarstilen han hadde spela med det førre bandet sitt, John's Children.

Plateomslaget var laga av George Underwood og syner mange av fantasitema ein finn att i songane, noko som skulle gå att i store delar av Tyrannosaurus Rex-katalogen. Underwood baserte omslaget på illustrasjonane til Gustave Doré av Dante sitt Inferno.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

My People Were Fair kom ut 5. juli 1968 på Regal Zonophone. Det nådde 15. plassen på UK Album Chart.[3]

Albumet vart gjeven ut på ny i lag med Prophets, Seers & Sages: The Angels of the Ages (1968) i 1972 som dobbeltalbumet Tyrannosaurus Rex: A Beginning etter at T. Rex hadde fått suksess med Electric Warrior (1971) og The Slider (1972). Dette albumet gjekk heilt til topps i Storbritannia.[3] I USA var det gjeve ut på A&M Records som Tyrannosaurus Rex: A Beginning.

I 1985 vart albumet gjeve ut på ny på Sierra Records. Ei utvida utgåve på CD kom ut i 2004, med ein monomiks av albumet, ein singel og tre alternative studioopptak. Ein ny monomiks vart skapt for luksusutgåva, som kom i januar 2015. Denne utgåva inneheld òg heimedemoane for albumet spelte inn hos Visconti og studioopptaka med Boyd.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Sunday Express5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[5]

Seinare meldingar av albumet har stort sett vore positive. AllMusic hylla albumet og skreiv «det møter lyttaren frå ei fullstendig unik retning. Røysta til Bolan vert blanda så perfekt med den bisarre, nesten austlege instrumenteringa». Skribenten Dave Thompson kalla det «ein uimotståeleg sak, men absolutt eit barn av si psykedeliske tid».[4] Han sa vidare «Det er vanskeleg å ikkje bli tiltrekt av den faktiske dynamikken i My People Were Fair, den nifse måten Tyrannosaurus Rex tardei lettaste musikalske instrumenta, pixiephones, klokkespel og ein kinesisk gong, og får dei til å høyrast ut som det tyngste rock and roll-bandet på jorda».[4] Paul Stewart i Sunday Express gav albumet fem av fem stjerner og skreiv at det var «variert og levande. Teksturane fangar merksemda di, men ikkje på ein hardrock-aktig slag i trynet-måte».[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Marc Bolan.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Hot Rod Mama»3:09
2.«Scenescof»1:41
3.«Child Star»2:52
4.«Strange Orchestras»1:47
5.«Chateau in Virginia Waters»2:38
6.«Dwarfish Trumpet Blues»2:47
Side B
Nr.TittelLengd
1.«Mustang Ford»2:56
2.«Afghan Woman»1:59
3.«Knight»2:38
4.«Graceful Fat Sheba»1:28
5.«Wielder of Words»3:19
6.«Frowning Atahuallpa (My Inca Love)»5:55
Utvida utgåve frå 2004
Nr.TittelLengd
1.«Hot Rod Mama (monomiks)»3:11
2.«Scenescof (monomiks)»1:04
3.«Child Star (monomiks)»2:51
4.«Strange Orchestras (monomiks)»1:48
5.«Chateau in Virginia Waters (monomiks)»2:40
6.«Dwarfish Trumpet Blues (monomiks)»2:46
7.«Mustang Ford (monomiks)»3:01
8.«Afghan Woman (monomiks)»3:01
9.«Knight (monomiks)»2:41
10.«Graceful Fat Sheba (monomiks)»1:29
11.«Wielder of Words (monomiks)»3:19
12.«Frowning Atahualpa (My Inca Love) (monomiks)»5:55
13.«Debora» (singel)3:07
14.«Hot Rod Mama (stereomiks)»3:10
15.«Scenescof (stereomiks)»1:39
16.«Child Star (stereomiks)»2:19
17.«Strange Orchestras (stereomiks)»1:45
18.«Chateau in Virginia Waters (stereomiks)»2:37
19.«Dwarfish Trumpet Blues (stereomiks)»2:46
20.«Mustang Ford (stereomiks)»2:57
21.«Afghan Woman (stereomiks)»1:56
22.«Knight (stereomiks)»2:36
23.«Graceful Fat Sheba (stereomiks)»1:27
24.«Wielder of Words (stereomiks)»3:18
25.«Frowning Atahualpa (My Inca Love) (stereomiks)»5:54
26.«Child Star (opptak 2)»2:40
27.«Chateau in Virginia Waters (opptak 2)»2:54
28.«Debora (opptak 2)»3:09

Merk: Det er eit kort, ikkje-oppført spor mot slutten av plate to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Smashed Blocked (CD liner notes). John's Children. Burning Airlines. 1997. 
  2. Paytress, Mark. Bolan: The Rise and Fall of a 20th Century Superstar. Omnibus Press. 2003.
  3. 3,0 3,1 «T. Rex | Artist | Official Charts». Official Charts. Henta 15. juli 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Thompson, Dave. «My People Were Fair and Had Sky in Their Hair... But Now They're Content to Wear Stars on Their Brows – Tyrannosaurus Rex». AllMusic. Henta 15. juli 2021. 
  5. 5,0 5,1 Stewart, Paul (3. februar 2015). «Album Review: My People Were Fair and Had Sky in Their Hair... by Tyrannosaurus Rex». Sunday Express. Henta 15. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]