Myelinassosiert glykoprotein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MAG
Identifikatorar
Andre namnMAG, GMA, S-SIGLEC-4A, SIGLEC4A, SPG75, myelin associated glycoprotein
Eksterne ID-arOMIM: 159460 MGI: 96912 HomoloGene: 1771 GeneCards: MAG
Ortologar
ArtMenneskeMus
Entrez
Ensembl
UniProt
RefSeq (mRNA)

NM_080600
NM_001199216
NM_002361

RefSeq (protein)

NP_001186145
NP_002352
NP_542167

Plassering (UCSC)Chr 19: 35.29 – 35.31 MbChr 7: 30.6 – 30.61 Mb
PubMed-søk[3][4]
Wikidata
sjå/endra menneskesjå/endra mus

Myelinassosiert glykoprotein (MAG) er eit transmembranprotein og glykoprotein. Det har fem immunoglobulinlike-domene og er medlem av SIGLEC-familien. Det finst i den indre membranen til Schwann-seller og oligodendrocyttar, inst i myelinet og med det ekstrasellulære domenet i rommet mellom aksonet til nervesella og membranen til gliasella (Schwann-selle eller oligodendrocytt).[5] Det vart fyrst oppdaga i 1973 av Richard Quarles og kollegaer, og er konservert mellom ryggradsdyr.[6]

Myelinassosiert glykoprotein er truleg ein lekk i vekselverknad mellom gliaseller og akson grunna den særskilde plasseringa og proteinstrukturen med immunoglobulindomene. Det har to isoformer, ein liten (S-MAG) og ein stor (L-MAG). Båe isoformene vekselverkar med tyrosinkinase Fyn, men vekselverknaden er sterkast med L-MAG. Myelinassosiert glykoprotein bind seg òg til retikulon-4-reseptoren.[5][7]

I laboratoriet syner myelinassosiert glykoprotein ei evne til å hemja utvekst av nevrittar frå nerveseller.[5][7]

Det kan sjå ut til at myelinassosiert glykoprotein har ei viktig rolle i den biokjemiske sjukdomsdanninga ved multippel sklerose. Det er større tap av myelinassosiert glykoprotein enn andre protein i randa kring multippel sklerose-arr der tap av myelin enno ikkje er synleg. Ein nøytral protease kan vera innblanda i dette tapet.[5][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 GRCh38: Ensembl release 89: ENSG00000105695 - Ensembl, May 2017
  2. 2,0 2,1 2,2 GRCm38: Ensembl release 89: ENSMUSG00000036634 - Ensembl, May 2017
  3. «PubMed-kjelde for menneske:». National Center for Biotechnology Information, U.S. National Library of Medicine. 
  4. «PubMed-kjelde for mus:». National Center for Biotechnology Information, U.S. National Library of Medicine. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Quarles, R. H. (2002). «Myelin sheaths: Glycoproteins involved in their formation, maintenance and degeneration» (PDF). Cellular and Molecular Life Sciences 59 (11): 1851–71. PMID 12530518. doi:10.1007/PL00012510. 
  6. Lopez, Pablo H. H. (2014). «Role of Myelin-Associated Glycoprotein (Siglec-4a) in the Nervous System». Glycobiology of the Nervous System. Advances in Neurobiology 9. s. 245. ISBN 978-1-4939-1153-0. doi:10.1007/978-1-4939-1154-7_11. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Quarles, Richard H. (2007). «Myelin-associated glycoprotein (MAG): Past, present and beyond». Journal of Neurochemistry: 070214184024009. doi:10.1111/j.1471-4159.2006.04319.x. 
Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.