Myjavaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Myjava)
Hopp til navigering Hopp til søk
Myjava
elv
Myjava river 7.jpg
Land Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia, Flag of Slovakia.svg Slovakia
Nedslagsfelt 806 km²
Lengd 79 km
Middelvassføring 2,64 /s
Kjelde Dei kvite Karpatane
 - høgd 660 moh.
Munning Morava ved Kúty
 - høgd 152 moh.
Wikimedia Commons: Myjava River

Myjava er ei elv vest i Slovakia og aust i Tsjekkia, og ei av sideelvane til Morava frå venstre.

Ho spring ut i Dei kvite Karpatane nær landsbyen Nová Lhota i Mähren, men kryssar kort tid etter grensa til Slovakia, der ho renn sørover og gjennom byen Myjava. Her går ho inn i Myjavaåsane og vender austover. Nær Sobotište renn ho ut på Záhorielåglandet og snur sørover igjen fram til landsbyen Jablonica, der ho svingar nordvestover. Frå Senica går vestover, gjennom Šaštín-Stráže før ho til slutt munnar ut i Morava nær Kúty.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Slovakia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.