Mykland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°37′55″ N 8°17′17″ E

Sauer på beite i Myklandsskogen
Naturbilete frå Mykland

Mykland er ei bygd i Froland kommune i Aust-Agder.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygda var eit eige herad fram til 1967. Mykland fekk si eiga kyrkje i 1682. Soknet blei opphavleg omtalt som «Vegusdal østen Sundet». Det betyr at vatnet Vogsdalsfjorden danna grensa mellom aust og vest. Dagens åttekanta kyrkje er bygd i 1832 og blei restaurert i 1882.

Mykland i dag[endre | endre wikiteksten]

Mykland har i dag underkant av 400 innbyggjarar og har eiga kyrkje, skole med SFO, barnehage, tannklinikk, butikk og postfilial.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Bygda har eit aktivt bygdelag som blant anna arrangerer bygdekafe. Kvart år arrangerer bygdas ungdomslaget «Myklandsrevyen», som er eit populært innslag i bygda. Mykland har og eit aktivt skyttarlag, med eigen skytebane på Hauglandsheia. Idrettslaget i bygda arrangerer turar og skirenn for barna om vinteren. Etter skogbrannen har bygda reist seg gjennom prosjektet "Veien videre" og arrangerte dansegalla og festdag i bygda med politisk debatt og konsertar. Reportasjekonseptet "Folk" på NRK lagde i denne samanhengen ein reportasje om bygefolkets veg ut av flammene og mot ein dansegalla.

Kunstnaren Nils Belland kjem i frå Mykland, han har blant anna fått måleri utstilt på Sørlandsutstillinga. Den kjente historikaren Knut Mykland (1920-2005) kom frå Mykland og har skrive eit trebindsverk om Myklands historie

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Mykland kan tilby flott natur og mange fine fiskevatn og friluftsområde. Eit populært turistmål er kanopadling i Myklandsvatnet. For overnatting har bygda tre campingplasser, dei er Ås camping på Hauglandsheia, Flateland camping og Nause gard villmarkscamping på Risdal. På Hynnekleiv ligg det ein leirskule med mange tilbod til uteaktivitetar.

På Øvre Lauvrak ligg det eit stein og mosaikksenter. Her blir uslepen stein frå heile Noreg til mosaikkar, smykke og blomar. Mykland har òg eit eige skulemuseum som ligg i Mykland sentrum.

Mykland som slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

Det er 360 personar som har Mykland som slektsnamn i Noreg per mai 2006.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]