Myklebust i Skifjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det er ein til gard som heiter Myklebust i Hyllestad kommune, sjå Myklebust i Hyllestadfjorden.
Myklebust
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 8[2][3]

Myklebust, tidlegare skrive Myklebost, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Vestland fylke. Garden har matrikkelnummer 8.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Myklebust ligg austsida inst i Skifjorden. Garden grensar til Seljevoll i vest, til Fjaler kommune i aust og nord og til Bjørnestad i sør.[3] Fylkesveg 5655 går over garden.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Myklebust er fyrste gong nemnt i kjeldene i reknskapen til Munkeliv kloster frå 1175. Klosteret eigde Myklebust til 1536 (reformasjonen) då garden kom i kongen si eige. Frå 1660-åra vart garden eigd av ymse embetsmennsslekter, fram til brukarane kjøpte seg ut frå 1793 til 1844.

På Myklebust har det vore drive tjørebrenning og sagbruk i gammal tid. Frå 1920 til kring 1960 var det drive kassefabrikk på garden, og på 1930-talet opna Skifjord Trevarefabrikk.[3]

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet tyder den store garden, og Myklebust er også den største garden i Skifjorden. I kjeldene er namnet skrive «Miklibolstadher» (DN. XII 232 c. 1490), «Møglebostad» (NRJ. II 140), «Møgelbosta» (1563). «Mychelbustad» (1603). «Møchelbustad» (1608) og «Møchlebust» (1667 og 1723).[5]

Myklebust er brukt som stadnamn mange andre stader i landet òg.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Myklebust» i 2003 og avslo samtidig å godkjenne «Myklebost».[6]

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 23. november 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 24. november 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Inger Kellmer (1990). «Myklebust : Gnr. 8». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 61. ISBN 8299219817. 
  4. «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Henta 23. november 2010. 
  5. «Oluf Rygh: «Myklebost» i Norske Gaardnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». 
  6. «yr.no».  Vitja 24. november 2010

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]