Myklebustbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Myklebustbreen
isbre
Winter1.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommunar Stryn, Jølster, Gloppen
Type Platåbre
Areal 57 km²
Lengd 13 km
Toppunkt 1827 moh
Botnpunkt 890 moh
Koordinatar 61°42′N 6°42′EKoordinatar: 61°42′N 6°42′E

Myklebustbreen eller Snønipbreen er den sjuande største isbreen i Noreg om ein ser bort frå Svalbard. Breen ligg i kommunane Stryn, Jølster og Gloppen i Sogn og Fjordane

Myklebustbreen vert òg kalla Snønipbreen på grunn av nunataken Snønipa (1827 moh.) som står opp av isbreen. Det lågaste punktet på breen ligg 890 meter over havet.

Myklebustbreen ligg ved sidan av Jostedalsbreen og er ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark. Mellom dei to breane ligg Stardalen og avstanden mellom dei er berre nokre få kilometer.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]