Mykola Avilov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mykola Avilov

Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 6. august 1948 (75 år)
Odesa
Yrke friidrettsutøvar
Høgd 191 centimeter
Ektefelle Valentina Kozyr

Mykola Avilov eller Nikolaj Viktorovitsj Avilov (fødd 6. august 1948) er ein ukrainsk tidlegare mangekjemper frå Odessa som representerte Sovjetunionen. Han vart olympisk meister i tikamp i 1972 og vann OL-bronsen i same i 1976.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Avilov var i yngre år særleg dyktig i høgdehopp og gjekk over to meter allereie som sekstenåring. Då han samstundes viste seg som ein allsidig friidrettsutøvar, konsentrerte han seg etterkvart om tikamp. I 1968 presterte han heilt opp mot sitt beste under sommarleikane i Mexico-byen og vart nummer fire i tikampen med 7 909 poeng. Året etter forbetra han sitt personbeste til 7 945 poeng. Under europameisterskapen i Aten same hausten vart han på ny fjerdemann, fem poeng bak bronsemedaljøren.

Våren 1971 sanka Avilov 8 096 poeng i ei tevling i Naltsjik, men vart klart slått av Boris Ivanov som sette sovjet-rekord med heile 8 237 poeng. Under EM i Helsinki var Avilov plaga med skade og gav seg etter diskoskastinga.

I juni 1972 i Moskva vart Avilov sovjetmeister i tikamp med ny personleg rekord på 8 115 poeng. Knappe tre månader seinare, under dei olympiske sommarleikane i München den 7. og 8. september, var han i ei heilt eiga klasse og og vann gullmedaljen med over 400 poengs margin til lagkamerat og sølvmedaljør Leonid Litvinenko. Med serien 11,00 på 100 m, 7,68 i lengdehopp, 14,36 i kulestøyt, 2,12 i høgdehopp, 48,5 på 400 m, 14,31 i 110 m hekk, 46,98 i diskoskasting, 4,55 i stavhopp, 61,66 i spjutkasting og ein 1500 m gjort unna på 4.22,8 sette han verdsrekord med 8 454 poeng, 37 poeng over den tre år gamle rekorden til Bill Toomey.

Etter å ha stått over eit par sesongar kom Avilov tilbake i toppform i 1976. Han gjennomførte ein framifrå tikampserie under sommarleikane i Montreal og kom på tredjeplass, 42 poeng bak vesttyskaren Guido Kratschmer som tok sølvet. Gullet gjekk til USA-amerikanske Bruce Jenner som sette verdsrekord med 8 618 poeng.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott, aktuelle årgangar.