Mýkonos

Koordinatar: 37°27′N 25°20′E / 37.450°N 25.333°E / 37.450; 25.333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mykonos)
Mýkonos
Lokalt namn Mύκονος
Hovudbyen på Mýkonos
Hovudbyen på Mýkonos
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°27′N 25°20′E / 37.450°N 25.333°E / 37.450; 25.333
Øygruppe Kykladane

Areal 105,2 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Mýkonos
Største busetnad Mýkonos (3 783 innb.)

Demografi
Folketal 10 134 (2011[1])
Folketettleik 96,3 /km²

Mýkonos (gresk Mύκονος), òg kalla Myconos, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya er ein av dei store turistdestinasjonane i Egearhavet og er kjend for det yrande nattelivet. Øya ligg mellom Tínos, Sýros, Páros og Náxos. Sjølve øya Mýkonos har eit areal på 86 km² og er 364 meter på det høgaste.

Mýkonos er frå 2011 ei periferieining i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Mýkonos er den einaste kommunen i periferieininga.[2] Til kommunen høyrer òg Dílos, Rínia, Tragonísi og fleire andre små øyar utan busetnad.

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Mýkonos 10 134 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 3 783 innbyggjarar.[1]

Øya består hovudsakleg av granitt. Ho har lite naturleg ferskvatn og er avhengig av avsalting av sjøvatn for å dekke behovet. Det bur like over 10 000 innbyggjarar på Mýkonos, og den største tettstaden heiter òg Mýkonos, men vert stundom kalla Khóra (som tyder «byen» på gresk). Mýkonos by ligg på vestkysten. Ein meiner at øya er kalla opp etter ein lokal helt, som vert rekna som eit av barneborna til guden Apollon og som vart dyrka lokalt i antikken.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn viser at jonarane slo seg ned på Mýkonos tidleg på 1000-talet fvt., men nyare funn har vist spor etter ei steinalderstamme tilbake til år 3000 fvt.

I gresk mytologi var Mýkonos åstad for eit slag mellom Zevs og Gigantane, og øya vart kalla opp til ære for barnebarnet til Apollon, Mykons. Sidan Mýkonos ligg nær den då tett folkesette øya Dílos, som ligg om lag 2 km unna, vart ho ei viktig forsyningsøy og feriestad for innbyggjarane på Dílos.

Mýkonos i dag[endre | endre wikiteksten]

Mýkonos har dei siste femti åra vorte eit internasjonalt særs populært reisemål for jet set-folk. Ho er kjend for sitt yrande natteliv og det store talet på barar og nattklubbar. Mange greske og internasjonale kjendisar har sommarhus på Mýkonos. Denne populariteten har ført til at bustadmarket har auka kraftig dei siste åra og det er bygd mange nye private hus, villaer og hotell. Dette har gjort fleire urolege for at øya gradvis kjem til å miste sitt særpreg. For å motverke dette må alle nye bygningar følgje den kykladiske arkitekturstilen.

Mýkonos har skular, bankar, kyrkjer, eit postkontor og plassar (plateies). Øya har òg to hamner, ei «gamal» og ei «ny».

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Mýkonos (Khóra) 3 783
Áno Merá 1 459
Ornós 1 025
Klouvás 953
Platýs Jalós 833
Toúrlos 669
Plindrí 544

Andre busetnader på øya er:

  • Kalafáti (278)
  • Ájos Ioánnis Diakóftis (259)
  • Ájos Stéfanos (178)
  • Fáros Armenistís (109)
  • Psarroú (20)

Småøyar i kommunen:

  • Dílos (24)
  • Ktapódia (0)
  • Tragonísi (0)
  • Kávouras (0)
  • Krommúdi (0)
  • Marmaronísi (0)
  • Báos (Ájos Jeórjos) (0)
  • Rínia (0)
  • Sfondíli (0)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Mykonos frå Wikivoyage

Kjelde[endre | endre wikiteksten]