Myksvoll bedehus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Myksvoll bedehus er eit bedehus som ligg på Øvre Myksvoll i Alver kommune i Vestland. Bedehuset vert eigd og drive av Myksvoll indremisjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bedehuset vart opphavleg bygd i Øystese på slutten av 1800-talet. I 1939 vart det rive og flytta til Myksvoll i deler. Prisen på huset var då sett til 2500 kr + 100 kr i frakt. Huset vart bygd opp igjen på dugnad, og stod ferdig i 1941.

Indremisjonen fekk tomta gratis av grunneigaren, og i to generasjonar seinare har familien gitt frå seg meir eigedom til utviding av huset og parkeringsplass. I 1976 byrja eit ombyggings-/restaureringsprosjekt, og store delar av huset vart pussa opp.

Arbeidet i dag[endre | endre wikiteksten]

Kvart år vert det halde ca 60 offentlege møte, og oppmøtet på desse er alt frå 5 til 100 stk. Arbeidet i bedehuset vert for det meste drive av frivillige, med einskilde besøk/møteveker av forkynnarar frå IMF (Indremisjonsforbundet) eller NLM (Norsk Luthersk Misjonssamband).

Bedehuset har vore eit samlingspunkt for bygda i fleire generasjonar, men i dag er det mest arbeid blant barn og unge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]