Hopp til innhald

Mynteslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mynte)
Mynteslekta
Åkermynte, Mentha arvensis
Åkermynte, Mentha arvensis
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Underfamilie: Nepetoideae
Stamme: Mentheae
Understamme: Menthinae
Slekt: Mynteslekta Mentha
L., 1753

Mynteslekta (Mentha) er ei planteslekt i leppeblomfamilien. Ho omfattar fleire artar og hybridar som blir brukt til mat og oljeproduksjon, som engmynte, grønmynte, gråmynte og peparmynte. Desse blir ofte berre kalla mynte.[1]

I tillegg til plantane i mynteslekta finst det også fleire artar i andre slekter som har mynte-namn, slik som bakkemynte, kattemynte og sårmynte.

Mynteslekta omfattar 13–25 forskjellige artar. Desse dannar lett hybridar seg imellom, og saman med ulike kultivarar finst det dermed eit utal ulike mynteplantar.

Artar i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

Artar registrerte i Noreg:[2][3]

  • Åkermynte (M. arvensis), livskraftig (LC)
  • Engmynte (M. ×verticillata), livskraftig (LC)
  • Temynte (M. ×gentilis), framandart, ingen kjend risiko (NK)
  • Tannmynte (M. ×smithiana), framandart, ingen kjend risiko (NK)
  • Vassmynte (M. aquatica), nær truga (NT) i Raudlista 2021[4]
  • Peparmynte (M. ×piperita), framandart, låg risiko (LO) i Framandartslista 2018[5]
  • Grønmynte (M. spicata, syn. M. viridis),[6][7] framandart, låg risiko (LO)[5]
  • Mojitomynte (M. ×villosa), framandart, låg risiko (LO)[5]
  • Kvassmynte (M. ×villoso-nervata), framandart, ingen kjend risiko (NK)
  • Gråmynte (M. longifolia, syn. Mentha silvestris), framandart, låg risiko (LO)[5]
  • Ullmynte (M. ×rotundifolia), framandart, låg risiko (LO)[5]
  • Rundmynte (M. suaveolens), framandart, låg risiko (LO)[5]
  • Kanadamynte (M. canadensis), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert
  • Poleimynte (M. pulegium), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert

Andre artar

[endre | endre wikiteksten]

Lista under inneheld andre artar det er vanleg å rekna med i botanikken i dag. Ingen av desse har normerte norske namn. Engelsk namn står i kursiv etter artsnamnet om ikkje norsk namn er oppgjeve.

Andre «mynter»

[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei rekkje plantar som har mynte i det norske namnet, men som ikkje høyrer til slekta Mentha:[3]

  1. mynte i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. februar 2009.
  2. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 979–983, 1165.
  3. 1 2 «Artsdatabanken: Namnetre mynteslekta». Artsdatabanken. 2. mars 2023.
  4. «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2023.
  5. 1 2 3 4 5 6 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 2. mars 2023.
  6. USDA GRIN: Mentha cordifolia Opiz ex Fresen.
  7. «Mentha spicata, spearmint». RHS Gardening. Royal Horticultural Society.
  8. Quattrocchi, Umberto (1999). CRC world dictionary of plant names : common names, scientific names, eponyms, synonyms, and etymology. Boca Raton, FL: CRC Press. s. 1659. ISBN 0849326737.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Stenberg, Lennart og Mossberg, Bo: Gyldendals store nordiske flora. Gyldendal 2007. ISBN 82-521-6029-8, s. 520-521
  • Høeg, Ove Arbo, red.; Christphersen, Anne Sofie Wyller; Faarlund, Torbjørn; Lauritzen, Eva Mæhre; Løkken, Sverre; Røssberg, Bjørn Olav; Salvesen, Per H. og Sævre, Rune (1984): Våre medisinske planter, Det Beste A/S, ISBN 82-7010-156-7, s. 216-217
  • Grey-Wilson, Christopher; Blamey, Marjorie (1992): Teknologisk forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa, oversatt og tilpasset til norsk av Faarlund, Torbjørn; Sundig, Per. Teknologisk forlag. ISBN 82-512-0355-4, s. 344-345
  • Nielsen, Harald; Sivertsen, Bente (1979): Giftplanter, J.W. Cappelens forlag. ISBN 82-02-04225-9, s. 115

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]