Mynteininga mark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mark er ei pengeeining som vart brukt i Nord-Europa frå slutten av mellomalderen, først som ei rekneeinig for ei viss mengd sølvmynt. Sølvverdien av en mark mynt kunne variere mellom ulike land. Den Kølnske marka tilsvarte 8 unser sølv (233,856 g sølv) eller ca. 4,8g gull. Den første utmynta markmynten vart slått i Lübeck i 1502, i samband med det lybske myntsystemet.

Norsk mark[endre | endre wikiteksten]

Norsk 4 mark frå 1671, utmynta av Kristian V

Mark vart innført som pengeeining i Noreg rundt 1500 då kong Hans innførte det lybske pengesystemet i Danmark og Noreg. I Noreg var marka den første tida ikkje ein mynt, men ei rekneeining for pengar. 16 skilling vart talde som ei mark. Tilsvarande vart 192 penningar talde som ei mark.

Systemet bygde på den kølnske marken som var om lag 230 gram sølv. Gjennom åra hadde pengeverdien og sølvinnhaldet i mynten falle, så då marka vart innført i Noreg, var verdien av marka om lag 1/13 av verdien av ei mark sølv. Ut over 1500-talet fall verdien av marka meir i Danmark-Noreg enn han gjorde i Tyskland. Da dalaren vart innført i 1540, gjekk det 3 norske mark på dalaren, og 1 3/4 lybsk mark på ein dalar med same sølvinnhaldet. Etter den nordiske sjuårskrigen (1563–70) var gjekk det to norske mark på ein lybsk mark. I 1625 vart det i Danmark-Noreg bestemt at det skulle gå seks mark på ein riksdalar kurant. Marka var i bruk til ho i 1816 vart erstatta av mynteininga ort.

tiendpengeskatten vart innkravd i 1521, ser vi av skattelistene at ei mark var verd det same som ein lodd (knapt 15 gram) sølv. Vi ser også at vi for ei mark pengar kunne kjøpe to reveskinn, eit oterskinn eller 3/4 våg (13-14 kg) tørrfisk.

Den første markmynten vart utmynta i Nidaros av erkebiskop Olav Engelbrektsson (1523-1537). På Austlandet vart nemninga mark også seinare brukt om 24-skillingen, som offisielt hadde nemninga ort.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]