Myntsamling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Samling av centim-myntar frå Sri Lanka.

Myntsamling er ein samlarhobby som går ut på å få tak i, organisera og finna ut meir om ulike myntar, medaljar, pengesetlar og medaljar. Hobbyen blir også kalla numismatikk, men dette kan også visa til det vitskaplege studiet av myntar.

Myntsamling skjer i stor grad på same måte som frimerkesamling ved at samlarane ofte konsentrerer seg om eitt felt, til dømes eit land eller tidsrom. Det finst også dei som prøver å få tak i ei mynt frå kvart land som har gjeve ut myntar, eller samlar på «litt av alt».

Til forskjell frå frimerkesamling er valøren viktigare når det gjeld myntar. Tilstanden til mynta, frå «dårleg» til «som nyslått», har mykje å seia for verdien.

Samlinga, som kan bli svært kostbar, er blitt omtala som ein «hobby for kongar», men det er vanskeleg å seia om myntsamlingar som høyrte til til dømes romerske keisarar var systematiske samlingar eller berre skattar. Den første kjende myntsamlaren var den italienske diktaren og lærde Petrarca, som levde på 1300-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]