Myrciaria dubia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrciaria dubia
Myrciaria dubia
Myrciaria dubia
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Slekt: Myrciaria
Art: M. dubia
Vitskapleg namn
Myrciaria dubia
Tørka camu camu-frø.

Myrciaria dubia er eit buskaktig tre i myrtefamilien som veks langs elvekantar i regnskogen i Amazonas i Peru og Brasil. Planten er lokalt kjend under namn camu camu, camucamu, cacari og camocamo. Det har ei frukt som kan etast og som inneheld mykje C-vitamin. Myrciaria dubia er nært i slekt med jabuticaba (Myrciaria cauliflora) og guavaberry eller rumberry (Myrciaria floribunda).

Treet blir typisk 3-5 meter høgt. Det er eviggrønt med motsette, fjøraktige blad. Blada kan vera 3–20 cm lange og 1-2 cm breie. Det har små kvite blomar med voksaktige kronblad og søtleg lukt. Det har ei raud-lilla kirsebæraktig frukt.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Treet veks i dag i Colombia, Ecuador, Peru, Bolivia og Brasil. Utbreiingsområdet strekkjer seg frå sentrale Pará i Brasil, langs midtre og øvre delar av Amazonaselva til austlege Peru. I nord veks det i Casiquiare og øvre og midtre Orinoco. I Brasil vekst treet i Rondônia langs elvene Maçangana og Urupa og i Amazonas, i Manaus og Manacapuru og langs Javarí, Madeira og Negro-elvane.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Camu camu har tradisjonelt vore brukt som åte ved fiske, medan treet har blitt brukt som ved. I nyare tid har ein teke i bruk frukta som næringsmiddel i større stil. Eit raudleg pigment i det lêraktige skalet gjev jusen frå frukta ein rosa farge. I nyare tid har ein brukt camu camu til å smaksetja iskrem, drikkar og søtsaker.[1] Frukta er også blitt seld i pulver- eller kapselform som helsekost. Camu camu er mellom anna populært i Japan.[1]

Overhausting av bær frå vill camu camu truger treet. Ein har gjort forsøk på å dyrka det kommersielt rundt Amazonaselva for å få ei anna kjelde til camu camu-bær.[1]

Næringsinnhald[endre | endre wikiteksten]

C-vitamininnhaldet er rundt 2–3 % av vekta til fersk frukt.[2] Dette er blant dei høgaste ein kjenner til blant frukt, berre australske Terminalia ferdinandiana har meir.

Frukta inneheld fleire flavonoid, som antocyanin, flavonol, flavanols, katekin , delfinidin 3-glukosid, cyanidin 3-glukosid, ellaginsyre og rutin.[3]

Næringsinnhald per 100 g fersk frukt:

  • Protein 0,4 g
  • Karbohydratar 5,9 g
  • Stive 0,44 g
  • Sukker 1,28 g
  • Fiber 1,1 g
  • Feitt 0,2 g
  • Kalsium 15,7 mg
  • Kopar 0,2
  • Jern 0,53
  • Magnesium 12,4 mg
  • Manga 2,1
  • Kalium 83,9
  • Natrium 11,1 mg
  • Sink 0,2
  • C-vitamin: 1882–2280 mg avhengig av kor mogen frukta er.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Conservation issues, rainforestconservation.org
  2. Peruvian Camu Camu fruit conquers Japan Percy Takayama, Living in Peru - Business, 12 February 2007. Accessed July 2012.
  3. Antioxidant compounds and antioxidant capacity of Peruvian camu camu (Myrciaria dubia (H.B.K.) McVaugh) fruit at different maturity stages. Rosana Chirinos, Jorge Galarza, Indira Betalleluz-Pallardel, Romina Pedreschi and David Campos, Food Chemistry, Volume 120, Issue 4, 15 June 2010, Pages 1019-1024, doi:10.1016/j.foodchem.2009.11.041
  4. Mst. Sorifa Aktera; Sejong Ohb; Jong-Bang Euna; Maruf Ahmed (Aug 2011). «Nutritional compositions and health promoting phytochemicals of camu-camu (Myrciaria dubia) fruit: A review». Food Research International 44 (7): 1728–32. doi:10.1016/j.foodres.2011.03.045. 
  • Penn, J.W., Jr. 2006. The cultivation of camu camu (Myrciaria dubia): A tree planting programme in the Peruvian Amazon. Forests, Trees and Livelihoods. Vol. 16 (1), pp. 85–101.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]