Myrdal i Åsane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myrdal
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Folketal 2 982  (2023)
Postnummer 5131 NYBORG, 5117-5118 ULSET
Preposisjon Myrdal
Gardnummer 188

Myrdal er ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 2982 i 2001 Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen.

Myrdal ligg sentralt til i Åsane, i området som stundom vert kalla Midtbygda i Åsane. I 1970- og 1980-åra vart det bygd store bustadfelt i dei sørvestre delane av Myrdal. Her ligg mellom anna eit av dei største burettslaga i landet, Prestestien borettslag, med 655 bustader. Litt av burettslaget ligg på nabogarden Ulset. I den austre delen av området ligg kjøpesenteret Åsane storsenter, som er ei samanslåing av to kjøpesenter, Åsane senter, som opna i desember 1976, og Arken. I dette området ligg òg Åsane nye kyrkje frå 1993 og Åsane idrettspark, med Vestlandshallen, som er brukt som idretts- og konsertarena. På garden Myrdal sin grunn ligg òg barneskulane Haukedalen skole og Skinstø skole og ungdomsskulen Blokkhaugen skole. Det gamle innmarksområdet, i den nordlege delen av området, er, per 2010, framleis ikkje utbygd, og det er framleis litt gardsdrift på garden med sauer og hestehald.

Myrdal og nabogarden Ulset har truleg vore same gard i gammal tid, men vart truleg delt alt i jernalderen. Myrdal vart liggjande aude etter Svartedauden. Leiglendingane på garden kjøpte bruka sine frå jordeigaren, enkja etter den tidlegare bergensbispen Nils Pedersen Smit, i 1719 og vart sjølveigarar. Det var då to bruk på garden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 195-200
Fotnotar