Myrdalselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrdalselva
elv
Land Flag of Norway.svg Noreg
Nedslagsfelt 10 km²
Lengd 8,1 km
Kjelde Øksefjellstjørna
 - høgd 514 moh.
Munning Sleirsvatnet
 - høgd 17 moh.

Myrdalseva er ei 8,1km lang elv i Gulen kommune i Sogn og Fjordane og Masfjorden kommune i Hordaland.Den er ei sideelv til Yndesdalsvassdraget.Nedslagsfeltet på 10 km² er om lag likt fordelt på dei to kommunane.

Myrdalselva har utspring frå Øksefjellstjørna 514 m.o.h vest for toppen av Øksefjellet. Bekken frå Øksefjellstjørna renn sørvestover ca 1,2 km der den møter bekkane frå Austrebotn og Litle Austrebotn.Den renn så i meir vestleg retning i om lag 1km.Her samlar fleire tilsigsbekkar i myrområdet inst i Myrdalen.Herifrå får vassdraget namnet Myrdalseva og renn i hovudsak i sør-sørvestleg retning gjennom dalen. Om lag 3,3 km frå Øksefjellstjørna passerer den grensa mellom Sogn og fjordane og Hordaland. Resten av strekninga renn elva i Masfjorden kommune der den munnar ut i Sleirsvatnet.

Øksefjellstjørna er inntaksmagasin for vassverket til innbyggarane i grenda Oppdalsøyra. Forutan om Øksefjellstjørna er det to andre småvatn som drenerer til Myrdalselva ; Fossetjørna (390 m.o.h) og Langevatnet (403 m.o.h)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]