Myrflangre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrflangre
Myrflangre
Myrflangre
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Orkidéfamilien Orchidaceae
Underfamilie: Epidendroideae
Stamme: Neottieae
Slekt: Epipactis
Art: Myrflangre E. palustris
Vitskapleg namn
Epipactis palustris

Myrflangre (Epipactis palustris) er ei plante i marihandfamilien (orkidéfamilien)

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Myrflanger
Nærbilde av blomane (Epipactis palustris var. ochroleuca)

Denne orkidéen har ein heilt spesiell utsjånad, med store kvite blomstrar og ei grasiøs utforming har blant anna botanikaren Axel Blytt rekna han for å vera den vakraste blomeen i Noreg. Han blir ikkje så høg, rundt 40 centimeter, men han er slank og har lange, smale blad.

Blomstrane til myrflangre er kvite, store og sit i aks på rundt ti blomstrar. Samla gjer dei eit stort inntrykk. Myrflangre har jordstenglar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ein finn han i Europa, Nordvest–Afrika, Kaukasus og vest–Sibir

Førekomstar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Myrflangre er knytt til kalkrik (alkalisk) myr, samtidig som han er varmekjær. Svært mykje kalkrik myr har blitt dyrka opp, og det har ført til at myrflangre har blitt utrydda mange stader. Arten har nå få veksestader igjen i Noreg. Ein berømt veksestad der han framleis finst er Slåttemyra i Nittedal kommune i Akershus fylke.

Arten veks nå rundt Oslofjorden og i Rogaland. Sidan habitatet til arten framleis er truga, er myrflangre totalfreda i Noreg. Myrflangre er også raudlista som sterkt truga (EN).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Myrflangre