Myrfunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Danske bronselurar i par, frå Brudevælte på Nord-Sjælland

Myrfunn er det arkeologiske omgrepet for funn av ting som i gamal tid har vore lagt ned av kultiske eller andre årsaker i våtmark, myrer, vasshol, eller i tjern og vatn som har grodd att som myrer. Dei fleste myrfunna i Norden er gjort i dei store danske myrene, og difor vert nemninga mosefunn etter det danske ordet for myr, «mose», ofte nytta som fagterm i Noreg; til dømes er «mosefunn» oppslagsordet i Store norske leksikon. Ei eiga gruppe myrfunn er myrlika, menneskelik frå gamal tid som har vorte mumifisert av den naturlege konserverande verknaden myrene kan ha når tilhøva ligg til rette for det. Mest alle dei nordiske myrlika, «moselig» på dansk, er funne i danske myrer, lagt ned i myrene på eit vis som sytte for at dei vart liggjande under vatn.

Funnstader[endre | endre wikiteksten]

Myrfunna syner kor sentralt grunne vatn, vasshol i våtmark og myr har stått i mytologien og kulten i førhistorisk tid, heilt frå steinalderen. Ritual av privat og offentleg karakter har gått føre seg på slike stader. Enkle figurar av tre i myrer i Danmark og på kontinentet[1], tyder på at visse rituelle åtgjerder var naudsynte i samband med bygging og bruk av kavlebruar og andre passasjar over myrar og våtmark[2]. Restar av husdyr, tøy, sko, smykke, reiskap og leirkar fylte med mat er òg blant myrfunna. I bronsealderen har fleire av dei karakteristiske, høge lurane av bronse vorte lagt i myrene, slik det går fram av at dei fleste lurane er funne i myrer. Ofte er to lurar funne saman; dei er utforma slik at dei utgjer eit par som skulle nyttast av to blåsarar som gjekk ved sida av kvarandre. Truleg har slike lurar vore nytta i ein kultisk eller annan form for rituell seremoni som hadde høgdepunktet sitt på staden der lurane vart lagt ned som offer til ein eller fleire makter. Dei einaste komplette broselurane som er funne i Noreg, eit par bronselurar frå Revheim ved Hafrsfjord i Stavanger, vart òg funne i ei myr. Då det ligg eit helleristningsfelt, Fluberget, med ei mengd figurar berre eit par hundre meter frå funnstaden[3], kan det ha vore ein samanheng mellom den kultiske aktiviteten knytt til helleristningsfeltet og ofringa av dei to bronselurane ved å plassera dei på myroverflata.

Ved Dejbjerg på Vest-Jylland i Danmark vart to praktvogner lagt i myra i eldre jarnalder, i tida rett før vår tidsrekning tok til. Vognene har vorte stykka opp før dei vart lagt i eit hol i myra etter torvuttak og innhegna av kvister og flettverk. Råstoffet til jarnet i vognkassene er sentraleuropeisk bergmalm, til eit av felgbanda har råstoffet vore dansk myrmalm, og dette kan tyde på at vognene er laga i Sentral-Europa av keltiske handverkarar og reparert i Danmark[4].

Det vidgjetne myrfunnet Gundestrupkjelen (dansk Gundestrupkarret; Gundestrupkedlen) frå om lag år 1, vart likeeins stykka opp før det vart plassert i torvmyra Rævemose ved Gundestrup aust for Års i Vesthimmerland i Danmark. Karet er to meter i omkrins, og sett saman av inner- og ytterplater av sølv med biletrelieff av innpunsla og uthamra figurar som truleg har med keltisk mytologi å gjere. Platene hadde vore lodda saman med sølvblanda tinn før karet vart sundbrote og plassert i myra[5].

Det er typisk for jarnalderens myrfunn at tinga vart øydelagt før dei vart lagt i myra. Dette gjeld òg i og for seg fleire av dei menneska som enda livet sitt som myrlik; mange har vorte handsama på brutalt vis under eller etter avrettinga, før dei vart lagt i myra.

Gundestrupkjelen.

Skedemosse er ei myr på den svenske Østersjøøya Öland som i gamal tid har vore ei grunn sjø. I denne myra vart det under utgravingar i byrjinga av 1960-talet funne ei mengd oldsaker frå eldre jarnalder. Mengder av bein synte at særleg hestar, men òg naut, sau og svin har vorte kasta i vatnet i åra frå om lag 100 til 500 e.Kr. Leivningar etter fleire menneske vart òg funne. Men mykje, til dømes klede og anna av organisk materiale, kan ha gått til grunne av di myra vart drenert i ny tid, og den konserverande verknaden myra har på slikt materiale difor vart svekka. Store mengder sverd og spyd, som har vorte gjort ubrukelege før dei vart kasta i vatnet, og gullarmringar og gullfingerringar med merke etter hogg, eit av Sveriges største samla funn av smykkegull, høyrer til dette funnet. Myra ligg i eit område på Öland der det har vore store busettingar i jarnalderen[6].

Kvalsundfunnet, funnet av to båtar i ei myr på garden Kvalsund på Nerlandsøya i Herøy kommune, Møre og Romsdal, er eit myrfunn på line med dei danske når det gjeld den rituelle framgangsmåten som har vorte nytta i jarnalderen. Båtane var sundbrotne, og årer og trestakar var sett ned i grunnen ikring dei, slik til dømes Dejbjergvognene var øydelagde og innhegna av kvister og flettverk. Den eine båten har vore 9,5 meter lang, 1,5 meter brei, med to par årer; den andre båten 18 meter lang og 3,2 meter brei, med ti par årer. Båtane, som reknast til 600-talet etter Kr.f., var bygde av eik og furu. Dei vart utgravne av arkeologen Haakon Shetelig i 1920[7].

Krigsbytteofferfunn[endre | endre wikiteksten]

Hjortspringfunnet er eit av dei mange danske myrfunna med våpen frå eldre jarnalder, om lag år 350 før Kr.f. Funnstaden Hjortspring Mose ligg ved Hjortspringkobbel på øya Als i Danmark, og vart utgrave i 1921-22. Då kom det for dagen fragment av ein båt, mange våpen, for det meste spydspissar av jarn og bein, stutte einegga jarnsverd, firkanta skjold av tre, restar av ringbrynjer, verktøy og nokre små kar av dreia tre med lokk. Desse små kara av tre kan ha vore nytta til å ha farge i til måling av kroppen, kan hende ei slags «krigsmåling» som i samband med eit eller anna ritual gjorde mannskapet til sterke krigarar. Måling eller tatovering av kroppen kan ha vore vanleg blant dei skandinaviske folka i heile eller størsteparten av jarnalderen. Araberen ibn Fadlan seier i ei skildring av ei gruppe skandinaviske handelsfolk han møtte i året 922 etter Kr.f. under ei reise i områda ved Volga på vegner av kalifen av Bagdad at «fra negleranden til halsen på hver av dem er det en samling trær, figurer og annet slikt»[8].

Mykje har vorte sundbroten og øydelagt før offeret vart lagt eller kasta ned i eit lite myrhol. Dette galdt båten òg. Rekonstruksjonar synte at båten har vore nesten tjue meter lang og to meter brei, bygd av eit breitt botnbord og to breie sidebord av lindetre, samansydde med bast. Han har vore lengja utover stamnane av bord som var bøygde oppover på same vis som på helleristningenes båtfigurar. Slike helleristningsfigurar er rekna til bronsealderen. Difor er denne jarnalderbåten såvel eit prov på at tradisjonar frå bronsealderen har gjort seg gjeldande framover i jarnalderen, som at nokre av helleristningene med «bronsealder-båtfigurar» kan vere frå den tidlege jarnalderen. Båten kunne bere inntil 24 mann med krigsutstyr, og har vorte padla fram med padleårar; restar av padleårer (av tresorten naverlønn) og av to breie styreårer vart funne saman med båten[9].

På grunn av dei mange våpna, er dette funnet rekna til den kategorien myrfunn som har fått nemninga «krigsbytteofferfunn». Myrfunn med mange våpen er truleg det kultiske eller rituelle resultatet av ein væpna samanstøyt: den sigrande parten i eit slag har ofra den nedkjempa parten sitt krigsutstyr, inklusive eventuelle båtar eller hestar, «krigsbyttet», i myr og grunne vatn for å takke guddomar og andre av mytologiens makter for sigeren. Då det ikkje er funne leivningar etter menneske blant gjenstandane, er dei tapande krigarane anten ikkje vorte ofra i vatnet eller myra, eller ikkje på den same plassen som utstyret deira. I Danmark er det gjort mange funn av krigsbytteofre, i Noreg inga, i Sverige berre eitt: våpenfunna i Skedemosse på Öland.

Nydamfunnet er eit myrfunn av båtar og krigarutstyr frå tida 250–550 etter Kr.f. frå Nydam Mose i Øster Sotterup på Sundeved ved Sønderborg i Sønderjylland[10]. I jarnalderen har myra vore eit grunt vatn, og funnet representerer fleire krigsbytteofringar i dette vatnet. Dei fyrste utgravingane i myra vart gjort av arkeologen Conrad Engelhardt i åra 1859-63, avbrote av krigen i 1864 mellom Danmark og Prøysen. Engelhardt fann mellom anna tre fartøy, to heile og eit som var sundhogge, men under krigen gjekk den eine heile båten, bygd i furu, og mykje anna tapt. Den andre heile båten er av eiketre, og går under nemninga Nydambåten[11]. Nydambåten, som er dendrokronologisk datert til 310–320 etter Kr.f., vart rodd av om lag tretti menn. Denne båten er det eldste kjente fartøy i Europa som har vore rodd, ikkje padla, slik som den mykje eldre båten i Hjortspringfunnet. Båten er klinkbygd med fem bordgangar på kvar side og eit breitt kjølbord; jarnnaglar er nytta. Spanta er festa til bordgangane og kjølbordet med treklampar som ligg mellom bord og spant. Av den båten som var heilt sundhogge, er det berre teke fram or myra fragmenter som til saman utgjer om lag ei femtepart. Nationalmuseet, som tok opp att utgravingane i myra i 1989, gjorde i 1990-åra store funn av sverd, spyd, bogar, pilar, beltespenner og draktsmykke.

Illerupfunnet er eit særs stort funn av våpen og krigarutstyr som vart gjort under arkeologiske utgravingar i åra 1950–56 og 1975–85 i ei stor myr i Illerup Ådal i nærleiken av Skanderborg på Jylland i Danmark[12]. Denne myra har til liks med mange andre danske myrer vore ei grunn innsjø i jarnalderen. Ettersom funna er konsentrerte på tre-fire stader langs den gamle stranda, meiner utgravarane at dei fleire tusen oldsakene representerer tre ulike krigsbytteofringar, men slik at mesteparten vart ofra under den eine av desse, som gjekk føre seg i tidsbolken 200–250 etter Kr.f. Etter samanlikningar av hårkammar av bein i dette funnet med hårkammar av bein funne i jarnaldergraver i Noreg og Sverige er det lansert ein teori om at det var ein hær frå Sør-Noreg eller Vest-Sverige som møtte lagnaden sin her, og fekk alt utstyret og hestar ofra som krigsbytte i den grunne innsjøen. Dei fleste gjenstandane har vorte gjort ubrukelege før dei vart kasta i vatnet[13].

Andre vidgjetne danske myrfunn som er verd å nemne: Thorsbjergfunnet, eller Torsbjergfunnet, frå Süderbrarup i noverande Schleswig-Holstein, utgrave 1859–60. Våpen, reiskap og draktfragment som har vore lagt i myra ved ulike høve frå 100-talet før Kr.f. til 400-talet etter Kr.f. Somme av gjenstandane har runeinnskrifter[14]. Vimosefunnet frå Vimose nordvest for Odense på Fyn med om lag 3500 gjenstandar, for det meste våpen, verktøy og andre gjenstandar, fleire med innrissa runeinnskrifter, som til dømes ein 5,6 x 5,9 cm stor hårkam av gevir, datert til 150–160 etter Kr.f. Oldsakene, som for det meste er datert til 200-talet etter Kr.f, vart utgravne i åra 1848–88[15].

Nydambåten

Myrfunna og den norrøne mytologien[endre | endre wikiteksten]

Steinalder-, bronsealder- og jarnaldersamfunna ofra gjenstandar, dyr og menneske i vatn og myrer etter dei kultiske og rituelle krava som mytologien og folketrua i desse samfunna sette til rett framferd i dei ulike situasjonane. Kva slags mytologi som rådde i stein- og bronsealderen, kan vi i dag ikkje greie ut frå andre kjelder enn dei arkeologiske funna, og mykje vert hypotetisk. Den norrøne mytologien, slik vi kjenner han frå dikta i Den eldre edda, Snorre Sturlusons Edda og andre mellomalderskrifter, kan kan berre gje nokolunde pålitelege opplysningar når det gjeld jarnalderen. Men mellom den tidsbolken då dei store krigsbytteofringane i dei danske innsjøane og myrene fann stad i eldre jarnalder, og den tida då den nordiske førkristne mytologien vart nedskrive i mellomalderen i den forma han fekk gjennom overleveringar i avskrift av avskrift i ulike versjonar, ligg det er fleire hundre år, og mykje kan ha endra seg på den lange tida. Dessutan er det tvillaust gjort endringar og tilpassingar i desse mellomalderframstillingane for å harmonisere heile den heidne fortidas mytologi, kult og samfunnsordning til den kristne trua på at ingen annan guddom enn den kristne Gud var skapar av verda og alt som var i den.

I mellomalderen vart sjølvsagt dei nordiske folka rekna til dei folkegruppene som oppstod etter at den kristne Gud hadde spreidd menneska over verda etter at dei freista byggje Babels tårn til himmels, og heidendomen har vorte sett på som ein av verknadene av at dei syndige kreftene hadde kome inn i menneskelivet ved syndefallet i Edens hage. Det er difor Snorre Sturluson gjer greie for i Ynglingesoga om korleis den heidne guden Odin kom til Skandinavia frå Asia med sitt folk som eit ordinært menneske, ein stor blotmann og erobrarkonge, og vart opphøgd til gud og stamfar for ei guddomsætt av det folket som han og ætta hans herska over. Då korkje Snorre Sturlusons Edda, kongesogene hans, eller andre av dei aktuelle mellomalderskrifta eksisterer i original, kan det dessutan ha skjedd ytterlegare endringar og tilpassingar i samsvar med det synet på fortida som var herskande då avskriftene vart gjort.

Den kristne redigeringa av den heidne mytologien har ikkje berre plassert heidendomen i den parten av det kristne verdsbiletet som høyrde djevelen til, men òg omgjort det heidne verdsbiletet til eit djevelsk vrengjebilete av det kristne, på same vis som det djevelske er framstilt i kyrkjekunsten i mellomalderen som eit vrengjebilete av den kristne sanninga[16]. Viktig i denne samanhengen var oppdelinga av den heidne verda i gode og vonde krafter, som var ukjende omgrep i førkristen tid, der motsetnadene var det livskraftige i høve til det som ikkje hadde livskraft; med andre ord det unge og sterke som motsetnaden til det gamle og veike. Jotnane, som stod for det jordiske og underjordiske, vart omgjort til vonde makter i mellomalderens framstillingar av det heidne verdsbiletet som eit vrengjebiletet av det kristne, og gudane, representert ved guden Tor, vart til dei gode maktene som stendig var på leit etter jotnar for å slå dei i hel, på same måte som Kvite-Krist og tilhengarane hans var i stendig kamp med dei djevelske kraftene innanfor det kristne verdsbiletet. Når dei skriftlege mellomalderkjeldene for den norrøne mytologien skal nyttast på førkristent arkeologisk materiale, må ein ta omsyn til denne særs viktige kristne omtolkninga av det heidne verdsbiletet[17].

Den kristne omtolkinga i mellomalderen av det heidne verdsbiletet hadde særs store konsekvensar for gudinnene, ettersom verda vart oppfatta som kjønna i førkristen tid, med det kvinnelege knytt til det jordiske, våte og mørke[18], slik det mellom anna framgår av at jorda, som var personifisert som den kvinnelege makta Jord, var mora til guden Tor, og av at dødsgudinna Hel rådde i det underjordiske dødsriket. I mellomalderens framstillingar missa gudinnene den høge statusen og sentrale funksjonen dei retteleg hadde hatt i førkristen tid. Dette råka ikkje minst gudinna Frigg, som i heiden tid var ei høggudinne med residens i «Fensalar» som etter namnet å døme var eit våtmarksområde eller ein sjø, og som må ha vore plassert i ein opphimmel[19] høgare oppe enn gudeheimen Åsgard, men som i kristne framstillingar vart kona til krigsguden Odin i Valhall i Åsgard. Ifylgje strofe 7 i eddadiktet Grimnesmål er det ikkje Frigg og Odin som hygger seg saman i Åsgard, men gudinna Såga og Odin, som drikk saman dagleg i bustaden hennar, Søkkvabekk; ein heim som er skildra som eit hus under vatn, og på sitt vist stadfest at det jordiske og våte høyrer til det feminine i det heidne verdsbiletet. Friggs Fensalar er berre nemnd i strofe 33 i eddadiktet Voluspå, ikkje bland dei guddomsheimene i Åsgard som er rekna opp i eddadiktet Grimnesmål. Frigg er kjend under liknande namn på kontinentet, og vekedagen fredag har i norsk og mange andre germanske språk namnet etter henne. Tilsvarande har krigsguden Tyr vore ein sams høggud eller opphimmelgud for dei germanske folka, slik det vert stadfesta ved at vekedagen tysdag har namn etter han i mange germanske språk. Då Paulus Diaconus i fyrste bok, kapittel 7-8 i soga si om dei germanske Langobardane refererer til Frigg og Odin som eit ektepar, har omskrivingar av høgguddomane Friggs og Tyrs status og verkeområde tvillaust vore ein vanleg nytta kristen strategi. Den kristne Gud i hans himmel kunne ikkje krenkast ved å omtale desse to heidne guddomane som mektige innbuarar av dei same himmelsfærene som han og hans englar rådde over, og som dei onde maktene, representert ved Lucifer, var styrta ned til jorda frå, slik til dømes mellomalderskriftet Kongsspegelen gjer greie for. I Snorre Sturlusons «Ynge Edda» er den førkristne opphimmelguden Tyr (Ty) redusert til ein komisk, einarma eventyrfigur og bikkjepassar i Åsgard, med sjølvvalt oppgåve å holde styr på Fenrisulven.

Då gudinna Frigg budde i eit våtmarksområde, det himmelske Fensalar, må ho ha vore ei viktig gudinne i samband med dei myrfunna som er å rekne som ofringar til takk for siger i krig, eller ofringar som skulle få land og folk til å bløme. Ved at offera vart plassert i vatn eller myr, eit heilag kvinneleg område av verda, vart ho både heidra og sett i stand til å take mot offera. Frigg var både krigsgudinne og gudinne for dei kraftene som gjorde landet og menneska fruktbare og velberga, som i gamal tid var to sider av same saka, ettersom eit velberga land fostra dugande krigarar. Vatn og myr som offerplass fortel difor at våpen og anna krigarutstyr ha vore ofra til henne, ikkje til krigsgudane Tyr eller Odin. Truleg har krigsguden Tyr i opphimmelen, og den guddommelege krigsherren Odin i Åsgard, fått mange av dei overlevande motstandarane som offer ved at dei vart hengde i trea i området, då romerske forfattarar har skildra henging av overlevande motstandarar som ein germansk skikk. Kan hende vart desse krigarane hengt i dei trea som stod rett ved offersjøen eller offermyra, etter fyrst å ha vorte fråtekne våpen og anna utstyr, som vart kasta i myra og vatnet saman med det andre krigsbyttet. Dei fiendane som var drepne, vart truleg liggjande på valplassen til føde for ulv/hund og ramn, som var viktige dyr og fuglar i den heidne mytologien, og hadde krav på sin part av det valplassen hadde å by på av krigsbytte.

Dei mange leivningane etter menneske i Skedemosse på Öland kan gje grunn til å tru at ofringar i vatn og myr til Frigg ikkje berre galdt gjenstandar som var tekne frå slagne fiendar, eller meir fredsame ofringar av mat, klede og andre ting, men òg menneskeofringar som ikkje hadde med krig å gjere. Men dei myrfunna frå førkristen tid som gjeld menneske som er rituelt drepne og lagt i myra einskildvis og utan at myra framstår som vanleg nytta offerplass, dei sokalla myrlika, er truleg ikkje gåve- eller takkeoffer for å fremje dei fruktbare kraftene, men rituelle eller kultiske reaksjonar på normbrot innanfor ætta for å gjenopprette ættas ære i samsvar med den tankegangen som i andre samanhengar ville ha utløyst hemnaksjonar mot ei anna ætt[20]. Det er truleg ikkje rett å sjå på myrlika som det arkeologiske funnmaterialet som skulle indikere at det har vore praktisert ein kult for gudinna Nerthus (Terra mater, «Mor Jord») i samsvar med det som romaren Tacitus skildrar i kapitel 40 i boka Germania frå om lag år hundre etter Kr.f.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. van der Sanden & Capelle 2001
  2. Hoftun 2008, side 298
  3. Mandt & Lødøen 2005, side 230-241
  4. Praktvogna frå Dejbjerg er utstilt på Nationalmuseet i København
  5. Gundestrupkjelen (Gundestrupkedlen) er utstilt på Nationalmuseet i København
  6. Hagberg 1967, Beskow-Sjöberg 1977
  7. Shetelig & Johannessen 1929
  8. Ibn Fadlan, Risala, i Birkeland, Harris, Nordens historie i middelalderen etter arabiske kilder. Oversettelse til norsk av de arabiske kilder med innledning, forfatterbiografier, bibliografi og merknader. Skrifter utgitt av Det Norske Vitenskaps-Akademi i Oslo II. Hist.-Filos. Klasse 2. Oslo 1954.
  9. Våpenfunnet med Hjortspringbåten er utstilt på Nationalmuseet i København
  10. Funnet er utstilt på det arkeologiske museet på Schloß Gottorf ved byen Schleswig i Nord-Tyskland
  11. Nydambåten kan sjåast på det arkeologiske museet på Gottorf (Gottop) slott i nærleiken av byen Schleswig i Tyskland
  12. Funnet er publisert i fleirbandsverket Illerup Ådal i serien Jysk Arkæologisk Selskabs Skrifter, Jysk Arkæologisk Selskab/Aarhus University Press, Århus 1990 - : 1: Die Lanzen und Speere. Textband; 2: Die Lanzen und Speere. Tafelband; 3: Die Gürtel. Bestandteile und Zubehör. Textband; 4: Die Gürtel. Bestandteile und Zubehör. Tafelband; 5: Die Prachtausrüstungen. Textband; 6: Die Prachtausrüstungen. Katalog, Fundlisten und Literatur; 7: Die Prachtausrüstungen. Tafelband; 8: Die Prachtausrüstungen. Grabungsdokumentation und Fundliste; 9: Die Schilde : Textband; 10: Die Schilde : Katalog, Tafeln und Fundlisten; 11: Die Schwerter : Textband / Marcin Biborski, Jørgen Ilkjær; 12: Die Schwerter : Katalog, Tafeln und Fundlisten / Marcin Biborski, Jørgen Ilkjær.
  13. Funn frå Illerup Ådal er å sjå i Moesgård Museum i Højbjerg i nærleiken av Århus
  14. Thorsbjergfunnet er no på Schloß Gottorf i byen Schleswig
  15. Vimosefunnet er no på Nationalmuseet i København
  16. Hoftun 2008
  17. Hoftun 2008; 2004, 2001
  18. Hoftun 2001, side 117-133
  19. Hoftun 2001, side 62 og side 82
  20. Hoftun 2004, side 363–366

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bemmann, Güde & Jan Bemmann. 1998. Der Opferplatz von Nydam : die Funde aus den älteren Grabungen: Nydam-I und Nydam-II; mit Beiträgen von Anne Kromann [et al.]. Bind 1, Text; bind 2, Katalog und Tafeln. ISBN 3-529-01827-9
  • Beskow-Sjöberg, Margareta. 1977. The Iron Age Settlemets of the Skedemosse Area on Öland, Sweden. The Archeaeology of Skedemosse IV. Stockholm: Kungl. Vitterhets, Historie och Antikvitetsakademien, Almqvist & Wiksell Internasjonal. ISBN 91-7402-019-6
  • Hagberg, Ulf Erik. 1967. The Votive Deposits in the Skedemosse Fen and their Relation to the Iron-Age Settlements on Öland, Sweden. The Archeaeology of Skedemosse II. Stockholm: Kungl. Vitterhets, Historie och Antikvitetsakademien, Almqvist & Wiksell.
  • Hoftun, Oddgeir. 2008. Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder. Oslo: Solum Forlag. ISBN 978-82-560-1619-8
  • Hoftun, Oddgeir. 2004. Menneskers og makters egenart og samspill i norrøn mytologi. Oslo: Solum Forlag. ISBN 82-560-1451-2
  • Hoftun, Oddgeir. 2001. Norrøn tro og kult ifølge arkeologiske og skriftlige kilder. Oslo: Solum Forlag. ISBN 82-560-1281-1
  • Ilkjær, Jørgen. 2003. Mosens skatkammer : mellem mennesker og guder i jernalderen. Moesgård. [Presentasjon av myrfunna, krigsbytteofringane, frå Illerup Ådal] ISBN 87-87334-55-0
  • Ilkjær, Jørgen. 2002. Den bevidste ødelæggelse i krigsbytteofringerne, i Jennbert, Kristina, Anders Andrén & Catharina Raudvere (redaktører), Plats och praxis : Studier av nordisk förkristen ritual; Vägar til Midgård 2. Lund: Nordic Academic Press. Side 203–214. ISBN 91-89116-24-0.
  • Koch, Eva. 1998. Neolithic bog pots : from Zealand, Mön, Lolland and Falster. København : Det Kgl. Nordiske Oldskriftselskab. ISBN 87-87483-39-4
  • Mandt, Gro & Trond Lødøen. 2005. Bergkunst : Helleristningar i Noreg. Oslo: Det Norske Samlaget. Side 230-241. ISBN 978-82-521-6227-1
  • Müller-Wille, Michael. 2002. Offerplatser på kontinenten : Några exempel från förkristen tid', i Jennbert, Kristina, Anders Andrén & Catharina Raudvere (redaktører), Plats och praxis : Studier av nordisk förkristen ritual; Vägar til Midgård 2. Lund: Nordic Academic Press. Side 135–166. ISBN 91-89116-24-0
  • Petersen, Peter. 1995. Nydam offermose : mosefund i Danmark gennem 2000 år : og de 6 store offerfund i moserne som grundlag for en fyldigere beskrivelse af Nydam offermose. [Lyngby:] Dansk Historisk Håndbogsforlag. ISBN 87-88742-78-4
  • van der Sanden, Wijnand, & Torsten Capelle. 2001. Mosens Guder : Antropomorfe træfigurer fra Nord- og Nordvesteuropas fortid. Silkeborg: Silkeborg Museum. ISBN 87-88016-81-1
  • Shetelig, Haakon & Fr. Johannessen. 1929. Kvalsundfundet og andre norske myrfund av fartøier; med botaniske bidrag av Jens Holmboe og Knud Jessen. Bergens museums skrifter, Ny række. Bergen: Bergens museum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Myrfunn