Hopp til innhald

Myrmarihand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myrmarihand

Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Anacamptis
Art: A. palustris
Vitskapleg namn
Anacamptis palustris
(von Jacquin) R.M.Bateman, Pridgeon & M.W.Chase
Økologi
Habitat: myr
Utbreiing: Europa, vestlege Asia, nordlege Afrika

Myrmarihand (Anacamptis palustris) er ei plante i narrmarihandslekta Anacamptis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Myrmarihand var tidlegare knytt til vårmarihandslekta Orchis med namnet Orchis palustris,[2] men er, saman med fleire andre artar, flytta til slekta Anacamptis.[3][4]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Norden finst myrmarihand (svensk namn kärrnycklar) berre på Gotland. Arten har gått mykje attende på grunn av tørrlegging av myr, og er rekna som sårbar (VU) i Sverige.[5]

I Belgia er arten (som Orchis palustris) rekna som regionalt utdøydd i Flandern.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar myrmarihand». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  2. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 726. ISBN 82-521-3754-7. 
  3. Horst Kretzschmar, Wolfgang Eccarius, Helga Dietrich (2007). The Orchid Genera Anacamptis, Orchis and Neotinea. Albersdorf, Tyskland: EchinoMedia. ISBN 978-3937107127. 
  4. «Artsdatabanken: Namnetre myrmarihand». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  5. «Artfakta: Anacamptis palustris kärrnycklar». Artdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  6. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]