Skogeitermaur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Myrmica ruginodis)
Skogeitermaur
Skogeitermaur Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Skogeitermaur
Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevenger Hymenoptera
Familie: Maur Formicidae
Slekt: Eitermaur Myrmica
Art: Skogeitermaur M. ruginodis
Vitskapleg namn
Myrmica ruginodis

Skogeitermaur (Myrmica ruginodis) er ein eitermaur som finst i mange ulike naturtypar og den einaste som finst i lukka skog. Han er òg den vanlegaste eitermauren i Noreg.[2]

I tillegg til i lukka skog finst skogeitermaur på meir open mark i ulike kantsoner og på myr, men er ikkje so vanleg på sterkt kulturpåverka mark. Han dannar ofte koloniar i særs morken ved av stubbar, stokker og røter, men òg i mose og porøs jord.

Skogeitermaur kan leva i samfunn med ei einskild stor dronning eller med fleire mindre dronningar. Samfunna med fleire dronningar er mindre aggressive og finst gjerne i meir stabile leveområde. Samfunn med éi dronning er større og finst gjerne i meir mellombels leveområde.

Skogeitermaur liknar ein del på hageeitermaur, og på småeitermaur og sumpeitermaur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Skogeitermaur - Myrmica ruginodis skriven av Frode Ødegaard, Arnstein Staverløkk, Jan Ove Gjershaug. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for naturforsking under lisensen CC BY 4.0. Henta 12. juni 2017.
Referansar
  1. Ødegaard F, Lønnve OJ, Staverløkk A og Sydenham MAK (24. november 2021). «Vepser: Vurdering av skogeitermaur Myrmica ruginodis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.