Myrtefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Myrtaceae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrtefamilien
Myrtus communis.jpg
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Juss., 1789

Myrtefamilien (Myrtaceae) er ein tofrøblada plantefamilie i myrteordenen. Han inneheld tre og buskar med sterk aromatisk lukt av eteriske oljer. Blada er oftAst motsette. Blomane er frikrona, regelmessige og 4- eller 5-talige.

I familien finst mellom 3000 og 5000 artar fordelt på 130-150 slekter. Artane finst stort sett i Australia og Amerika. I Europa veks berre éin art naturleg, myrt. Andre kjende plantar i familien er granateple, kryddernellik, allehande, guava og eukalyptus. Arten Eucalyptus regnans kan bli meir enn 100 meter høg og blir ofte rekna som verdas høgaste dekkfrøplante.

Kjende slekter[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]