Myrteparula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myrteparula
Myrteparula i hekkedrakt Foto: Chuck Homler
Myrteparula i hekkedrakt
Foto: Chuck Homler
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Myrteparula
Utbreiinga av Myrteparula
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Parulafamilien Parulidae
Slekt: Setophaga
Art: Myrteparula S. coronata
Vitskapleg namn
Setophaga coronata

Myrteparula (Setophaga coronata) er ein liten sporvefugl i parulafamilien. Han hekkar i Nord-Amerika og overvintrar i sørlege område av USA, og over heile Mexico og det meste av Mellom-Amerika og Karibia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kroppslengda åt myrteparula er 14–15 centimeter og vekta kan variere mellom ca. 10 og 16,5 gram. Fjørdrakta i hekketida er gjennomgåande grå, med lys underside og gule markeringar: Krona, overgumpen, og framdelen av flankane er gule. Den vestleg underarten S. c. auduboni har dessutan gul strupe, dei andre fuglane har kvit strupe.[1] Dei gule områda er klåre og kontrastfulle mot grått og svart. Både undersida og rygg har mørke strek og flekker. Dei har ein kvit ring rundt auga og kvit augebrynstripe. Kjønna er ikkje like, hannar er litt mørkare spesielt på brystet. For begge kjønna er drakta utanom hekketida utvaska brunleg på oversida og har eit meir diffust preg.

Dei lever hovudsakleg av insekt. Om vinteren tar dei meir frukt og bær.

Egglegging skjer i mai og juni, dei kan ha opptil to kull per sesong. Reira blir ofte besøkt av brunhovudtrupial som er kjent reirparasitt på mellom anna myrteparula.

Hekkeområdet til myrteparula er i store delar av nordlege Nord-Amerika. Det inkluderer det meste av Alaska og tvers over kontinentet til Newfoundland og Labrador. Underarten S. c. auduboni hekkar dessutan i dei vestlegaste statane av USA og litt inn i Mexico. Myrteparulaer er trekkfuglar og overvintring skjer frå øya Vancouver i nord, langs kysten av vestlege USA, over dei sørlege statane i USA og nordaust omtrent til staten Massachusetts. Dei overvintrar òg i Mexico, i mykje av Mellom-Amerika og Karibia.

Både storleiken på populasjonen og utviklinga er ukjent. Dette er ein av den mest vanlege arten av «amerikanske songarar» i Nord-Amerika og kan ofte sjåast. Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.

Spontant i Noreg

Det finst berre ei godkjent registrering av myrteparula i Noreg. Den er frå oktober 1996, Utsira i Rogaland.[2] Han er elles ein sporadisk streiffugl i Storbritannia, Island og Irland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Curson, J., Marks, J.S. & Kirwan, G.M. (2019). Myrtle warbler (Setophaga coronata) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. august 2019
  • Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 25. august 2019 
Referansar
  1. S. c. auduboni er ein underart av myrteparula etter EBird/Clements Checklist, men er ført opp som ein sjølvstendig art Audubon's Warbler (Setophaga auduboni) i Handbook of the Birds of the World Alive
  2. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 25. august 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Myrteparula