Myrtistel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrtistel
Myrtistel
Myrtistel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Carduoideae
Stamme: Cynareae
Slekt: Vegtistelslekta Cirsium
Art: Myrtistel C. palustre
Vitskapleg namn
Cirsium palustre

Myrtistel er ein fleirårig art i korgplantefamilien. Planta er utbreidd over Europa, Asia og Nord-Afrika. Myrtistel har rak stengel med korte greiner øvst, oftast litt raudbrun. Han har buktfinna mørkgrøne blad med sylspisse broddar og mørkfiolette korgdekkblad utan kvass odd. Planten blomstrar kring juli månad på grasmyr og våt eng. Han veks i Noreg nord til Troms, og er funnen til fjells opp til 1000 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.