Brunost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mysost)
Brunost.
Bruonst på brødskiver.

Brunost er ei samlenemning på ostar som har ein brunleg farge og er laga av myse, det vil seie det som er att av mjølka etter at ostestoffet er brukt til kvitost. Dei kan òg kallast geitost (sjølv om det finst kvit geitost). Velkjende typar brunost er fløytemysost og gudbrandsdalsost. Brunosten er halvfast og har smaksnyansar som sjokolade og karamell. I Sverige er ostetypen kjend som mesost.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste brunostane blir laga av ei blanding av ku- og geitemjølk, medan nokre variantar baserer seg på berre ein av delane. Smaken vert mildare di meir kumjølk som vert brukt. Smaken er oftast kraftigare og skarpare enn vanleg, fersk kvit eller gul ost.

Ein lager osten ved å setja mjølk og fløyte til myse. Denne blandinga blir kokt forsiktig i fleire timar slik at vatnet fordampar. Varmen gjer mjølkesukkeret til karamell. Brunost er oftast svært søt, men lite proteinrik samanlikna med kvitost.

Dersom ein avbryt kokinga før osten er ferdig får ein prim, ein slags mjuk, smørbar brunost.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Brunost er mest brukt som pålegg, men kan òg brukast med hell i sausar, ofte saman med einebær, der han gjev ein svak karamellsmak.

Brune ostar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brunost