Märket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Märket

Fyrtårnet på Märket står på finsk territorium.
KommuneHammarlands kommun
Status
Avfolka1976
Kart
Märket
60°18′03″N 19°07′56″E / 60.30095°N 19.13225°E / 60.30095; 19.13225

Märket med Märkets fyr (finsk: Märketin majakka) er eit skjer i Södra kvarken som sidan freden i Fredrikshamn i 1809 definerer grensa mellom Sverige og Finland. Fyret vart avfolka mot slutten av 1976.

Finlands fyrsällskap har leigd fyret 2007-09 og har byrja å restaurere fyret. Vitjande kan få omvising i fyret.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Märket med den besynderlege grensa etter grensedraginga i 1985.
Øya

Märket ligg nord for Ålands hav og vest for Åland. Skjeret, som er kring tre hektar stort, er delt mellom Finland og Sverige i to omtrent like store halvdelar. Märket er i følgje ei rekkje kjelder den minste delte øya i verda.

Det finske territoriet på Märket høyrer til Hammarlands kommun. Den svenske delen ligg på grensa mellom Norrtälje kommun og Östhammars kommun, i høvesvis Stockholm og Uppsala län.

I Södra Kvarken går innløpet til Bottenhavet mellom Märkets fyr og fyret Understen 6,5 nautiske mil vest-sør-vest derfrå. Avstanden mellom Märket og det ålandske Signilskär i sør-aust er 7,5 nautiske mil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]