Nan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nán)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Nan (fleirtyding).
Nan.

Nan (frå farsi نان nān, som tyder brød) er eit flatvore, om lag 1 cm tjukt, rundt eller avlangt kveitebrød som er mykje bruka i indisk mat.

Brøda blir laga ved at ein kjevler ut nevestore boller til flate leivar, og så steiker dei på høg temperatur, helst i ein tradisjonell tandór eller steinomn.

I motsetnad til chapati inneheld nanbrød gjær; og dei inneheld gjerne mjølk eller yoghurt, noko som gjer at dei blir fyldigare og tjukkare. Nanbrød blir gjerne bruka til å plukke opp mat med av den som et, på liknande vis som ein elles ville bruke fingrane eller ei skei.

Nan er populært attåt indisk mat i vestleg kultur, særleg attåt matretter som karri. Ein et òg nan i Iran, Afghanistan og heile det sentralasiatiske området. I Afghanistan kan nan bli lengre enn ein meter.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]