Nándor Hidegkuti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nándor Hidegkuti i 1965

Nándor Hidegkuti (fødd 3. mars 1922 i Budapest, død 14. februar 2002 i Budapest) var ein ungarsk fotballspelar og fotballtrenar som spelte på det vidgjetne ungarske herrelandslaget i fotball på 1950-talet. Han spelte i mange år for klubben MTK Budapest FC, og var ein del av det ungarske laget som vann OL-gull i Helsinki i 1952. Seinare var han mellom anna med på å slå Italia 3-0 i Roma i mai 1953, og i november same året skårte Hidegkuti hat-trickUngarn slo England på Wembley i ein kamp som seinare har vorte kjend som «hundreårskampen» (Match of the Century).[1] Året etterpå var han med i den ungarske troppen til VM i fotball 1954, der han mellom anna skårte opningsmålet i kvartfinalen mot Brasil. Hidegkuti spelte til saman 63 kampar for det ungarske landslaget før han la opp.

Etter spelarkarrieren gjekk han inn i trenaryrket. I 1960 tok han over Firenze-laget ACF Fiorentina, og sidan trente han òg AC Mantova. Seinare vann han den ungarske seriemeisterskapen med Győri Vasas ETO.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fjellbirkeland, T. (1974). Fra Puskas til Pelé. Oslo: Aschehoug. s. 10. ISBN 8203061877.