Näkten

Koordinatar: 62°57′0″N 14°36′0″E / 62.95000°N 14.60000°E / 62.95000; 14.60000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Näkten, òg stundom skriven Näckten, er ein innsjø på grensa mellom Östersund kommun og Berg kommun sør i Jämtland i Sverige. Innsjøen, som er Sveriges 29. største innsjø, har eit overflateareal på 88 km²,[1] og ligg i ei høgd på 324 meter over havet. Innsjøen er over 40 km lang frå sør til nord, og har, ifølge tradisjon, 365 øyar, men innsjøen er òg påfallande smal, og er fleire stader berre tre kilometer brei. Innsjøen kan enkelte stader minne om Stockholms skjergard, mens på andre stader om trolske tjern. Näkten vert drenert til Storsjön via ei kort elv, Billstaån, som munnar ut ved Hackås.

Näkten er kjent for å vere ein bra innsjø for edelfisk. Fiske skjer for det meste av året, men unntak av bestemte tidsperioder for å verne om den spesielle Näcktenrøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sjöarealer» (PDF). SMHI.  Arkivert 2005-05-30 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

62°57′0″N 14°36′0″E / 62.95000°N 14.60000°E / 62.95000; 14.60000