Nälden

Koordinatar: 63°20′48.055″N 14°14′53.038″E / 63.34668194°N 14.24806611°E / 63.34668194; 14.24806611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°20′48.055″N 14°14′53.038″E / 63.34668194°N 14.24806611°E / 63.34668194; 14.24806611

Utsikt over Nälden ein desembermorgon

Nälden (jemtsk: Närdda, IPA [ˈnæɖːɐ]) er ein tettstad i Krokoms kommun i Jämtlands län i Sverige. I 2005 hadde Nälden 881 innbyggjarar og eit areal på 1,30 km².[1]

Nälden ligg i ein dal ved utløpet til Näldsjön, cirka 30 kilometer nordvest for Östersund. Elva Faxån mellom Näldsjön og Alsensjön, renn gjennom tettstaden. Länsväg Z 666 passerer forbi Staden, og det same gjer Mittbanan, som er fortsetjinga til Meråkerbanen i Sverige.

Næringslivet til Nälden er basert på industri og tenesteyting. Staden er mest kjend for ullspinneria sine på midten av 1900-talet og Hallströms verkstäder som bl.a. produserer røyr til ventilasjonssystem. Nälden er ein gammal stasjonsby, men sidan 2000 stoppar ikkje lenger toga i byen.

I Nälden finst i dag ein ICA-forretning, ein ishall (Näskottshallen, bygd rundt 1990) og ein relativt ny idrettshall (bygd rundt 2000). Näldens Idrottsförening (NIF), blei grunnlagt i 1908, og driv mest med ishockey og fotball, men òg med langrenn.

Kjende personar frå Nälden[endre | endre wikiteksten]

  • Adolf Jahr – Skodespelar på 1930-talet
  • Erika Wiklund – Første svenske junior-europameister i høgdehopp, i junior-EM 2007 med 182 cm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tätorter; arealer, befolkning 2005, befolknings- och arealfakta frå SCB, oppdatert 18. Mars 2008