Näldsjön

Koordinatar: 63°23′0″N 14°15′0″E / 63.38333°N 14.25000°E / 63.38333; 14.25000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsikt frå Hällberget i Offerdal mot Näldsjön

Näldsjön er ein innsjø i Krokom kommun i Jämtland i Sverige. Innsjøen strekkjer seg frå Näskott i sør til Offerdal i nord. I sør ligg busetnadane Nälden, Aspåsböle og Nordannälden ved sjøen og i nord Lungret, Stavre, Könsta og Änge. Näldsjön får vasstilførsel frå bl.a. Gärdesjön, Nästån, Hällsjön og Kriken.

Näldsjön vart over ein lengre periode på 1800- og 1900-talet trafikkert av fleire dampbåter som gjekk mellom Nälden og Änge. Dampbåttrafikken starta opp på slutten av 1870-talet. Blant dampfartøya som trafikkerte her, hadde ein Nälden, Framåt, Express, Gurly og Offerdal. Dampbåten Nälden hadde kapasitet på 125 passasjerer, og ti tonn last.

Òg på vinterstid vart innsjøen ein del av transportstrekninga mellom Nälden og Offerdal. Då var det bøndene som transporterte frakt på isen.

Dampbåttrafikken vart utkonkurrert på byrjinga av 1900-talet av trafikk lang landevegane, og då spesielt då strekninga Nälden-Valne-Offerdal vart bygd ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

63°23′0″N 14°15′0″E / 63.38333°N 14.25000°E / 63.38333; 14.25000